Andrew Chapin () var ein amerikansk klaverspelar som er mest kjent for sin korte periode med Ricky Nelson Band, som tok slutt i 1985 då Nelson og bandkameratane omkom etter at Nelson sitt personlege DC-3-fly styrta på nyårsaftan i De Kalb i Texas på veg til ein opptreden i Dallas. Før han slutta seg til Ricky Nelson, hadde Chapin vore medlem av The Association og før det av Steppenwolf, som han spelte inn Hour of the Wolf med i 1975, det første albumet til bandet spelt inn utan klaverspelaren Goldy McJohn. Den offisielle forklaringa på avgangen til Chapin frå Steppenwolf var at han mislikte å turnera. Han vart seinare erstatta av Wayne Cook.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Andy Chapin» frå , den 3. juli 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Steppenwolf-medlemmar Kategori:USA-amerikanske klaverspelarar Kategori:The Association-medlemmar Kategori:Omkomne i luftfartsulukker