Sven Osvald «Ossi» Mildh () var ein finsk friidrettsutøvar frå Helsinki. Han vann to bronsemedaljar ved EM i friidrett 1954, den eine på 400 meter hekk og den andre i 4 × 400 meter stafett.

Mildh deltok i Sommar-OL 1952, utan å kome vidare frå forsøket. Under europameisterskapen 1954 i Bern gjorde han sitt livs løp då han med tida 51,5 sette finsk rekord i 400 meter hekk og vann bronsemedaljen, einast dei sovjetiske utøvarane Anatolij Julin og Jurij Litujev sprang fortare. I den same meisterskapen tok Mildh seg av den andre etappen for det finske mannskapet som kom på tredjeplass i den lange stafetten. Både under Sommar-OL 1956 og Friidretts-EM 1958 vart han slått ut i forsøket.

Åra 1953, 1954, 1957 og 1958 vart Mildh finsk meister på 400 m hekk. I tillegg vann han den nasjonale gullmedaljen på 400 meter i 1953 og på 110 meter hekk i 1957.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ossi Mildh» frå , den 7. juli 2023.

World Athletics

Kategori:Finske hekkeløparar Kategori:Finske sprintarar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956