thumb|Pastél de Belém på eit fat. Pastel de nata eller pastel de Belém er eit portugisisk bakverk laga av butterdeig med eggekrem.

Pastel de Belém er laga av ein sprø butterdeigbotn fylt med ein krem ​​laga av mjølk, egg, sukker, sitron og kanel. I pastel de nata er sitron ofte utelaten.

Pastel de nata vert tilbydd på mange kafear og konditori i Portugal og rundt om i verda, særleg i tidlegare portugisiske koloniae. Den originale oppskrifta tilhøyrer no utelukkande Fábrica dos Pastéis de Belém i Lisboa, og berre bakverk frå denne verksemda kan kallast Pastél de Belém. I fabrikk-kafeen vert bakverket framleis tradisjonelt ete varmt og dryst med melis og kanel. Fabrikken produserer meir enn 10 000 bakverk kvar dag.

I 2009 kåra The Guardian pastel de Nata til ein av dei 50 beste rettane i verda.

Historia

I 1837 byrja munkar i Hieronymittklosteret i Belém å selje pastélar for å få inntekter til å forsørgje seg sjølve. På den tida var Belém ikkje ein del av Lisboa, men dampbåtar tok turistar frå Lisboa til Belém. Hieronymittklosteret og Belémtårnet tiltrekte seg etter kvart talrike turistar, og desse hjelpte til med å spre Pastéis de Belém utover i verda.

Liknande bakverk er kjende før 1700-talet av katolske munkar og nonner i Santa Maria de Belém i Lisboa.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pastél de Nata» frå , den 11. juli 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kake Kategori:Portugisisk mat