miniatyr|Moussaka Moussaka (gresk μουσακάς, tyrkisk musakka) er ein gratinert matrett som stammar frå Midtausten, men som også er typisk for det balkanske kjøkenet. Retten er best kjend frå Tyrkia og Hellas, men han er utbreidd i store delar av Midtausten og på Balkan.Ghillie Basan, Jonathan Basan. Classic Turkish Cooking. St. Martin's Press, 1997. ISBN 978-0-312-15617-6Omtale av moussaka på cooks.com (engelsk) Moussaka består i hovudsak av aubergine, tomat, lam, kvitlauk og diverse urter. Salat og brød blir gjerne også servert som tilbehøyr. Mousakka vert laga i forskjellige former og variasjonar i dei ulike landa og geografiske områda der retten er utbreidd.
Etymologi Det norske og engelske ordet «moussaka» kjem frå det greske «mousakas» (μουσακάς). Det greske namnet kjem igjen frå det tyrkiske «musakka». Same namn er funne i land som tidlegare var ein del av Det osmanske riket. Det tyrkiske namnet kjem i sin tur frå arabiske «musaqaa» (مسقعة), som direkte omsett betyr ‘avkjølt.Origin of word moussaka @ Merriam-Webster Dictionary
Ein annan populær tyrkisk rett, kalla İmam bayıldı (som betyr ‘Imamen besvimte’), liknar på moussaka, men blir eten kald og inneheld som regel ikkje kjøtdeig. Moussaka blir eten varm.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Moussaka» frå , den 19. juli 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Bulgarsk mat Kategori:Gresk mat Kategori:Tyrkisk mat Kategori:Nasjonalretter Kategori:Aubergineretter