Heavy metal eller tungmetall, ofte berre kalla metal, er ein sjanger innan rocken som utvikla seg seint på 1960- og 1970-talet, stort sett i England og USA.Weinstein (2000), s. 14 Med røter i bluesrock og psykedelisk rock utvikla dei første heavy metal-banda ein tjukk, og massiv lyd med forsterka og forvrengd gitar, lange gitarsoloar og kraftig rytme. Allmusic skriv at «av myriaden av rock 'n' roll-sjangrar, er heavy metal den mest ekstreme i form av lydstyrke, manndom og teatralske opptrede.»

Tidlege heavy metal-band som Led Zeppelin, Black Sabbath og Deep Purple trekte til seg store publikum, men fekk ofte dårleg kritikk, noko som ofte har gått igjen i sjangeren opp gjennom åra. På midten av 1970-talet fjerna Judas Priest seg bort frå blues-innverknaden i musikken og var med på å ta sjangeren vidare. Motörhead innførte ei punkrock-kjensle med raskare tempo i musikken. Band i den nye bølgja av britiske heavy metal, som Iron Maiden følgde opp på liknande måte. Mot slutten av tiåret hadde heavy metal-sjangeren vorte populær verda over med tilhengarar som vart kalla «metalheads» eller «headbangarar».

I 1980-åra vart glam metal populært med band som Mötley Crüe. Undergrunnsmiljøa produserte derimot ein meir ekstrem og aggressiv stil kalla thrash metal som vart populær med band som Metallica, medan andre sjangrar som death metal og black metal hovudsakleg har vorte verande eit undergrunnsfenomen. Sidan midten av 1990-åra har populære stilar som nu metal, som ofte nyttar element av funk og hip hop; og metalcore, som blandar ekstrem metal med hardcore punk, vidareutvikla sjangeren.

Kjenneteikn Heavy metal vert tradisjonelt kjent att på høge, forvrengde gitarar, tunge rytmar, ein tett bass- og trommelyd, og kraftig vokal. Dei forskjellige undersjangrane legg i ulik grad vekt på, eller utelet, ein av desse eigenskapane. Eit typisk band består av ein trommeslagar, ein bassist, ein rytmegitarist, ein sologitarist og ein vokalist, som ofte spelar eitt av instrumenta. Tangentinstrument vert stundom nytta for å gje eit meir fyldig lydbilete.Weinstein (2000), s. 25 Høgt, forvrengd hammondorgel og stundom mellotron var populære hos tidlege metal-band. Desse instrumenta vart i 1980-åra erstatta av elektroniske synthesizerar. I dag vert keyboard mykje brukt i stilar som progressiv metal, power metal og symfonisk metal. Enkelte nu metal-band nyttar element frå hip hop, som scratching og forskjellige lydeffektar.

Den elektriske gitaren og den kraftige lyden denne produserer gjennom forsterkarane har alltid vore eit viktig element i heavy metal.Weinstein (2000), s. 23 Gitarane er ofte spelt gjennom ein distortionpedal og forvrengde røyrforsterkararar for å skape ein tjukk, kraftig og «tung» lyd. Tidleg i 1970-åra starta enkelte populære metalband å nytte to sologitaristar. Band som Judas Priest og Iron Maiden følgde dette mønsteret med to eller tre gitaristar som byta på rolla som solo- og rytmegitaristar. Eit sentralt element i mykje heavy metal er gitarsolo, ei form for kadens. Etter kvart som sjangeren vart utvikla vart intrikate soloar og riff ein stadig viktigare del av sjangeren.

Den viktige rolla gitaren spelar i heavy metal har stundom kollidert med den tradisjonelle «frontmannen» eller bandleiarrolla til vokalisten og stundom ført til indre stridar i desse banda. I heavy metal er vokalen ofte underordna det totale lydbilete til bandet. Som ei gjenspegling av metal-sjangeren sine røter i motkulturen på 1960-talet, vert ei «tydeleg kjenslemessig uttrykk» i vokalen sett på som eit teikn på autentisitet.Weinstein (2000), s. 26 Musikkritikar Simon Frith har hevda at tonen i stemma til vokalisten i eit metalband er viktigare enn teksten. Metal-vokalen varierer mykje, frå den multioktave, teatralske vokalen til Rob Halford frå Judas Priest og Bruce Dickinson frå Iron Maiden, til den ru stilen til Lemmy i Motörhead og James Hetfield i Metallica, til den meir skrikande og brølande stilen til Tomas Lindberg frå At the Gates og den gurglande, besette stilen til black metal-vokalistar som Dead frå Mayhem.

Den markante bassen er òg viktig for lydbiletet i heavy metal, og samspelet mellom bass og gitar er eit viktig element."Sunday Morning Playlist: Heavy Metal" . Blogcritics Magazine, 19. februar 2006. Vitja 14. september 2008. Bassgitaren utgjer den låge enden av lydbilete og er særs viktig for å gjere musikken «tung».Weinstein (2000), s. 24 Basslinjene i metal er ofte varierte og kan variere frå å halde eit lågt orgelpunkt til å doble gitaren på kompliserte riff. Enkelte band nyttar til og med bassen som eit soloinstrument, ein stil som vart populær med Cliff Burton frå Metallica tidleg i 1980-åra."Cliff Burton's Legendary Career: The King of Metal Bass" Bass Player, Februar 2005. Vitja 14. september 2008. Metal-bassistar nyttar ofte plekter for å få ein sterkare og klårare lyd. I enkelte sjangrar som thrash og death metal kan bassen òg vere forvrengd for å få ein tjukkare og tyngre lyd. Nu metal- og enkelte death metal-bassistar nyttar ofte bassar med fem og seks strengar for å komme djupare enn vanlege bassar med fire strengar.

Trommene skal som regel vere høge med ein drivande rytme i heavy metal.Dawson, Michael. "Chris Adler: More Than Meets The Eye" Modern Drummer Online. Vitja 14. september 2008. Metal-trommisar må ofte vere uthaldande og mange har utvikla eit særs høgt tempo, stor koordinasjon og dugleik for å kunne spele intrikate rytmemønster.Berry og Gianni (2003), s. 85 Ein trommeteknikk som vart utvikla i heavy metal er ein såkalla «cymbal choke», der cymbalen vert stoppa med handa like etter at han har vorte slått. Trommesetta i metal er ofte større enn i andre former for rock.Burgess, Mick. "Dream Theater (Live)" Metal Express Radio, 9. juni 2007. Vitja 14. september 2008. I tillegg til standard tamtamar, basstrommer, skarptromme, hi-hat og cymbalar, som vert nytta i dei fleste rockeband, er det ofte doble basstrommer, fleire tamtamar og cymbalar i heavy metal.

Under konsertar vert lydstyrken rekna som særs viktig. På liknande måte som melodi er det viktigaste i pop og rytme er det viktigaste i house, er kraftig lyd, klang og lydstyrke det viktigaste i metal. Denne fikseringa på lydstyrke i heavy metal vart gjort narr av i filmen This Is Spinal Tap, der gitaristen hevdar å ha modifisert forsterkarane sine slik at dei går «opp til elleve».

Påverknad frå klassisk musikk Mange av dei viktige gitaristane i tidleg heavy metal studerte klassisk musikk, og dette førte til ein ny type gitarvirtuositet, harmoniar og melodiar.Walser (1993), s. 58 Heavy metal har stundom nytta teknikkar frå typiske klassiske stilartar som barokk og romantisk musikk. Deep Purple/Rainbow-gitarist Ritchie Blackmore og Scorpions-gitarist Uli Jon Roth byrja å eksperimentere med musikalske samansettingar frå klassisk musikk tidleg i 1970-åra. I 1980 åra nytta gitaristane Randy Rhoads og Yngwie Malmsteen barokkmusikk som modell for sine komposisjonar. Heavy metal kan likevel ikkje reknast som ein moderne etterkomar av klassisk musikk, sidan dei har røter i heilt forskjellige kulturelle tradisjonar.

Tekstmessig innhald Tema som ofte går igjen i tekstane i heavy metal er sex, vald og det okkulte. Dei seksuelle temaa i mange heavy metal-songar, som dei antydande tekstane til Led Zeppelin til meir eksplisitte referansar hos nyare nu metal-band, kjem frå sjangeren sine røter i blues og det seksuelle innhaldet i mange av bluestekstane.Weinstein (1991), s. 36 Sidan 1980-åra og thrash metal kom på banen, har mange metal-songar inkludert samfunnspolitiske kommentarar. Romantisk tragedie er eit mykje nytta tema i gotisk og doom metal, samt nu metal, der tenåringsangst er eit anna sentralt tema. Sjangrar som melodisk death metal, progressiv metal, og black metal utforskar ofte filosofiske tema, medan meir ekstreme former for death metal og grindcore har heilt aggressivt, blodig og ofte uforståeleg innhald.

Heavy metal-songar har ofte underlege, fantasi-inspirerte tekstar. Iron Maiden sine songar var til dømes ofte inspirert av mytologi, fiksjon og dikt som «Rime of the Ancient Mariner», basert på Samuel Taylor Coleridge sitt dikt med same namn. Andre døme er Black Sabbath sin «The Wizard», Megadeth sine «The Conjuring» og «Five Magics» og Judas Priest sin «Dreamer Deceiver». Andre artistar baserte tekstane sine på krig, atomkrig, miljøvern, politikk og samfunn eller religion. Døme på dette er «War Pigs» av Black Sabbath, «Killer of Giants» av Ozzy Osbourne og «...And Justice for All» av Metallica, «2 Minutes to Midnight» av Iron Maiden, «Balls to the Wall» av Accept og «Peace Sells» av Megadeth. Død er eit tema som går mykje igjen i heavy metal og går ofte igjen i tekstane til band som Black Sabbath, Slayer og W.A.S.P.

Det tematiske innhaldet i heavy metal har ofte vorte kritisert. Musikkritikarar har ofte kalla tekstane i metal barnslege og banale, medan andre har kritisert det dei meiner er forsvar av kvinnehat og det okkulte.

I 1980-åra prøvde Parents Music Resource Center å få den amerikanske kongressen til å regulere musikkindustrien på grunn av det gruppa såg på som støytande tekstar, særleg i heavy metal-songar. I 1990 vart Judas Priest saksøkt av foreldra til to unge menn som hadde skote seg sjølv fem år tidlegare etter å visstnok ha høyrt ei underbevisst melding som sa «do it» («gjer det») i ein Priest-song. Saka fekk mykje mediaomtale, men vart til slutt avvist.Ewing og McCann (2006), s. 104–113

Visuelt Som med mykje popmusikk spelar det visuelle ei stor rolle i heavy metal. I tillegg til musikk og lyd, spelar plateomslaga, scenedekorasjonane, kleda til bandet, logoar og musikkvideoar ei viktig rolle.Weinstein (2000), s. 27 Nokre tidlege band som Alice Cooper og KISS og enkelte nyare band som Slipknot, Marilyn Manson og GWAR har vorte kjend for sine sceneopptrednar.Van Zoonen (2005), s. 40.

Langt hår er ein av dei tydlegaste stilane i heavy metal,Weinstein (2000), s. 129 som opphavleg kom frå hippiekulturen. Den klassiske klesstilen til heavy metal-tilhengjarar består av blå jeans, svarte t-skjorter, støvlar og svart skinn- eller dongerijakke. T-skjortene har ofte trykk med logoar eller andre bilete av favorittbanda.Weinstein (2000), s. 127 På midten av 1970-åra var Judas Priest og Mötorhead med på å starte ein lêrmote i heavy metal-kulturen.Covach, John. "Heavy Metal, Rap, and the Rise of Alternative Rock (1982–1992)" What's That Sound? An Introduction to Rock and its History (W. W. Norton). Vitja 14. september 2008 Ein del har òg nytta element frå S&M-miljøet (kjeder, naglar, skallar, lêr og kross). Mote og personleg stil var særleg viktig for glam metal-banda på 80-talet. Desse hadde ofte langt, farga hår og sjangeren vart derfor ofte kalla «puddelrock» eller «hårmetal».Thompson (2007), s. 135; Blush, Steven. "American Hair Metal—Excerpts: Selected Images and Quotes" . FeralHouse.com. Vitja 14. september 2008.

Fysiske fakter mini|Tilhengjarar hevar knyttnevane sine og dannar «djevelhorn» under ein konsert med det estiske metalbandet Metsatöll i 2006. Mange metal-musikarar nyttar headbanging når dei spelar musikken sin på konsertar. Dette er rytmiske, djupe nikk med hovudet i takt med musikken, ofte framheva av langt hår. «Djevelhorna» vert òg mykje brukt, der ein strekkjer ut litle- og peikefingeren slik at dei ser ut som to horn. Dette vart gjort populært av vokalist Ronnie James Dio i Black Sabbath og Dio.Dunn, Sam (2005). "Metal: A Headbanger's Journey". Warner Home Video (2006). Vitja 15. september 2008

Det er sjeldan ordinær dansing på metalkonsertar, som kjem av eit hovudsakleg maskulint publikum og ein ofte særs heteroseksuell ideologi. To rørsler vert derimot ofte nytta, headbanging og kaste armen i veret i takt med musikken.Weinstein, p. 130 Luftgitar er òg populært hos metal-tilhengjarar.Weinstein, s. 95

Etymologi