Golta er ei øy i Øygarden kommune i Vestland fylke.Golta, Statens Kartverk Folketalet er 42 (2011).
Golta er skilt frå øya Sotra med den tronge kanalen Goltastraumen. Over denne går Golta bru. Øya er nesten delt på midten av kanalen Vogga, og busetjinga er stort sett samla rundt dette delingspunktet. Mens Vogga er berykta for ville brottsjøar, er det ei lun vik på motsett side mot, Goltosen, og det er òg bygd ein molo i Goltasundet. Høgste punktet er Goltaberget (44 moh).
mini|venstre|Goltastraumen og Golta bru
Fisket var rikt i vikene rundt Golta, og det kom stadig silde- og makrellstimar inn i dei tronge buktene som kunne stengast av med garn. Ibuarane på øya var difor velståande på 1700- og 1800-talet. Frå slutten av 1800-tallet vart fisket organisert i eit landnotlag, dette var i drift fram til rundt 1950.Golten landnotlag Fylkesarkivet
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Sund herred, frå Digitalarkivet 2001Arvid Skogseth, Sund på Søre Sotra, bd. 4 (Sund kommune, 2015) 32 46 41
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Golta» frå , den 27. juli 2023.
Kategori:Øyar i Øygarden