Stora Vardøyna er ei øy sørvest i Øygarden kommune i Vestland fylke. Gardsbruket på øya heiter Vardøyna, og i daglegtale vert namnelekken «Store» ikkje brukt, men på kartverket sine kart heiter øya «Stora Vardøyna», medan den mindre «Litla Vardøyna» ligg i vest. På gamal dialekt sa dei «Varna» eller «Varena». Øya er skilt frå Vikso og Toftarøyna i aust av Toftosen og er veglaus. Høgste punktet på øya er Loshyttehaugen, 49 meter over havet. I 2011 var det éin fastbuande på øya.
Stora Vardøyna var truleg busett før Svartedauden, men låg så lenge aude. Første kjelde som nemner busetjing på øya er frå 1522. Ved midten av 1900-talet vart skulen på øya lagt ned, og fråflyttinga skaut fart.
Folketalsutvikling: 1801Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet 1900Folketeljing 1900 for Sund herred, frå Digitalarkivet 2000Arne Asphaug, Bygdebok for Vardøy (Sund kommune, 2000) 12 35 1
Kjelder Arne Asphaug, Bygdebok for Vardøy (Sund kommune, 2000)
Kategori:Øyar i Øygarden