Hamp eller harp (Cannabis sativa) er ein eittårig plante med gulgrøne blomstrar og motsette handdelte blad. Planten har vore nytta til tau, tekstilar og anna gjennom historia, men er no mest kjend som rusmiddel (sjå cannabis).

Hamp stammar frå Asia. Han er mykje dyrka i Søraust-Europa, Italia og Japan. Tidlegare vart planten dyrka i Sverige, og det vart gjort forsøk også i Noreg. Planten er funnen spreidd på avfallsplassar og liknande over heile Noreg, men er ikkje rekna som reproduserande.Hamp, Cannabis sativa L. , artsdatabanken.no

Hamp er særbu. Hannplanten har finare bastfibrar enn hoplanten, og gjev difor betre hampfibrar.

Kjelder

Lid, J.: Norsk og svensk flora. Oslo, 1974. «Hamp» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. juli 2015.

Kategori:Hampfamilien Kategori:Kulturplantar frå Asia Kategori:Medisinplantar Kategori:Nytteplantar Kategori:Fiberplantar Kategori:Cannabis