Lauvøyna eller Lauvøy er ei øy i Lurefjorden nord i Alver kommune i Vestland. Øya er skilt frå Risøyna i nord ved eit smalt sund og er veglaus.
I 1876 fekk ein familie feste på ein husmannsplass på Lauvøyna, under garden Risøy. Ved folketeljinga i 1900 budde det 3 personar her.
Øya låg i Lindås kommune fram til 2020.
Kjelder Olav Ones, Bygdebok for Lindås, bd. 2 (Lygra og Hundvin bygdeboknemnd, 2000)
Kategori:Øyar i Alver