Robert Ian Brightwell () var ein engelsk friidrettsutøvar, fødd i Rawalpindi i dåverande Britisk India. Han vart i 1962 europameister på 400 meter.

Karriere Brightwell vart femtemann på 200 meter i EM i friidrett 1958. To år seinare sprang han Storbritannia sitt lag i 4 x 400 m stafett inn til femteplass under Sommar-OL i Roma. Sommaren 1962 sette han livsbeste på 400 m med 45,6 sekund. Høgdepunktet kom då han vann 400-meteren ved europameisterskapen 1962 i Beograd, framom vesttyske Manfred Kinder. I stafettløpet over 4 × 400 meter var rollene omsnudd. Der kneip ankermann Kinder fyrsteplassen for Vest-Tyskland, framom Brightwell. Hausten 1964 enda Brightwell på fjerdeplass på 400 meter ved dei olympiske sommarleikane i Tokyo. Han avslutta med å vinne sølv på 4 × 400 m stafett for Storbritannia og sette europarekord på tida 3.01,6, eitt tidels sekund føre Trinidad og Tobago.

Etter sommarleikane gifta han seg med friidrettsutøvaren Ann Packer.

Kjelder

Robbie BRIGHTWELL | Profile | World Athletics Denne artikkelen bygger på «Robbie Brightwell» frå , den 12. august 2023.

Kategori:Britiske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964