Ravilja Agletdinova () var ein mellomdistanseløpar frå Kurgan-Tjube i Tadsjikistan som i 1986 vart europameister på 1500 meter. Ho representerte Sovjetunionen og var elles mor til Maryna Arzamasava.

I vaksen alder budde Agletdinova i Kviterussland. Ho deltok på 800 meter ved EM i friidrett 1982, utslått i semifinalen. Året etter kom ho, med tida 4.02,6, på fjerdeplassen på 1500 meter då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett vart avvikla i Helsinki. 1985-sesongen vann ho både 800 og 1500 meter i Sovjet-meisterskapen. Under europacupen for landslag sigra ho på 1500-meteren med livsbeste 3.58,4. Same året presterte ho livsbeste 1.56,24 på 800 m. I 1986 triumferte ho på 1500 m under Friidretts-EM i Stuttgart, slo dei to andre medaljørane med over eitt sekund.

Ho kom tilbake på friidrettsbana i 1990 som Ravilja Kotovitsj og sprang inn til siger på 3 000 meter ved den sovjetiske meisterskapen. Eitt år seinare enda ho sist i finalen på 1500 m under verdsmeisterskapen i Tokyo.

39 år gammal omkom ho i ei trafikkulukke nær Zjlobin i Belarus.

Kjelder

Ravilya AGLETDINOVA | Profile | World Athletics Denne artikkelen bygger på «Ravilya Agletdinova» frå , den 16. august 2023.

Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske mellomdistanseløparar Kategori:Døde i trafikkulukker