Purpurlyng (Erica cinerea) er ein dvergbusk i klokkelyngslekta i lyngfamilien.
Planten blir 15–75 cm høg. Årsskota er hårete, medan resten av planten er glatt. Dei smale blada sit i kransar på tre, noko som skil arten frå slektningen klokkelyng. Dei klokkeforma blomane er purpurfarga og sit i klasar. Han veks i hei og open skog på tørr og sur jord.
I Vest-Europa er purpurlyng ein typisk art for dei atlantiske kystlyngheiene. Han veks frå Portugal nordover til Dei britiske øyane og Noreg. I nord er utbreiinga avgrensa til område med lite frost, og han veks i motsetnad til klokkelyng verken i Danmark eller Sverige. I sør går han derimot lenger aust enn klokkelyng, heilt til Liguria i Italia. I middelhavsområdet er han hovudsakleg ein fjellplante.
I Noreg veks purpurlyng på Vestlandet i ytre kyst- og fjordstrøk frå Ryfylke til Haram i Møre og Romsdal. Han krev litt sommarvarme og manglar på dei mest forblåste øyane. I Norsk raudliste for artar er arten rekna som nær truga på grunn av gjengroing, utbygging og skogplanting.
To nærståande former var tidlegare rekna som varietetar, men har no fått status som eigne artar. Dette er Erica numidica i Algerie og Erica maderensis frå Madeira.
venstre|mini|Blomstrande purpurlyng i Dorset i Sør-England mini|Atlantisk lynghei i Irland med purpurlyng og fransk gulltorn (Ulex gallii)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Purpurlyng» frå , den 20. august 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lyngfamilien Kategori:Plantar i Noreg