Neckarsulm er ein by og ein kommune nord i forbundslandet Baden-Württemberg i Tyskland, ei 5-6 km nord for sentrum av Heilbronn. Kommunen omfattar 24,9 km² og har eit folketal på kringom 26 500.

Schwarz-Gruppe, Europas største matvaregrossist, har hovudkontoret sitt i Neckarsulm.

Bil- og tohjular-produsenten NSU Motorenwerke var heimehøyrande i Neckarsulm. Bilfabrikken i byen er i dag del av Audi-konsernet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Neckarsulm» frå , den 24. august 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Baden-Württemberg