Julija Igorevna Graudyn () er ein russisk tidlegare hekkeløpar frå Moskva. Ho vann sølvmedaljen i europameisterskapen 1994 og bronsemedaljen i verdsmeisterskapen 1995 på 100 meter hekk.

Graudyn kneip sølvmedaljen på korthekken framom verdsrekordhaldaren Jordanka Donkova då EM i friidrett 1994 vart avvikla i Helsinki. Tre veker seinare fekk Graudyn notert 12,62 sekund og livsbeste ved eit stemne i Berlin. Året etter sikra ho seg bronsemedaljen ved VM i friidrett 1995 i Göteborg. Sidan vart ho slått ut i semifinalane ved verdsmeisterskapen i så vel 1997 som 1999. Under Sommar-OL 2000 rauk ho allereie i forsøket.

Kjelder

Yuliya GRAUDYN-FILIPPOVA | Profile | World Athletics Denne artikkelen bygger på «Julija Igorewna Graudyn» frå , den 26. august 2023.

Kategori:Russiske hekkeløparar Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Russiske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000