Mirosława Kazimiera Sarna, fødd Sałacinska, () er ein polsk tidligare friidrettsutøvar som i 1969 vart europameister i lengdehopp.
Sarna deltok i Sommar-OL 1968, i Mexico-byen enda ho på femteplassen i lengdehopp med 6,47 meter. Året etter sette ho personleg rekord med 6,49 meter i EM i friidrett 1969 og vann gullmedaljen framom den olympiske meisteren Viorica Viscopoleanu, Berit Berthelsen fekk bronsemedaljen. I den same meisterskapen sprang Sarna som ankerkvinne Polen til femteplass i 4 x 100 meter stafett. I mars 1970 hoppa ho sitt livs lengste godkjende hopp på 6,54 meter då ho vart nummer 3 i innandørs-EM i Wien, 2 centimeter bak vinnaren Viscopoleanu.
Kjelder World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Mirosława Sarna» frå , den 27. august 2023.
Kategori:Polske lengdehopparar Kategori:Polske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Folk frå Łódź