Jerzy Chromik () var ein polsk langdistanseløpar som i tida 1955-58 sette tre verdsrekordar på 3 000 meter hinder og i 1958 vart europameister i øvinga.
Aktiv Chromik vart polsk meister på 3 000 m hinder i 1952, 1954, 1956, 1960, 1961 og 1962, samt på 5 000 meter i 1953 og på 10 000 meter i 1955. Han kvalifiserte seg til finalen i 3 000 meter hinder i europameisterskapen 1954 i Bern, men stilte ikkje opp.
Tidleg i august 1955 vann Chromik 5 000-meteren ved ungdomsfestivalen i Warszawa på polsk rekord og årsbeste i verda, 13.55,2. Også andremann, ungararen Sándor Iharos, sette landsrekord. Den 31. august sette Chromik verdsrekord på 3 000 m hinder i Brno. Tida 8.41,2 var ei rekordforbetring på sju sekund. Ti dagar seinare, i Budapest i landskamp mot Polen, forbetra han rekorden til 8.40,2. Sommaren 1956 flytta han sin polske rekord på 5 000 meter til 13.51,0 i Poznan. Han deltok i Sommar-OL 1956, men kom ikkje til finalen på 5 000 m.
2. august 1958 i Warszawa kom Chromik tilbake som verdsrekordhaldar på 3 000 m hinder med eit løp på 8.32,0. 20 dagar seinare gjorde han sitt livs nest beste løp då han på tida 8.38,2 vann gullmedaljen under EM i friidrett 1958 i Stockholm. Korkje i Sommar-OL 1960 eller i EM 1962 makta han kvalifisere seg til finale.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Jerzy Chromik» frå , den 4. september 2023.
Kategori:Polske hekkeløparar Kategori:Polske langdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960