Minerva er ei gudinne i romersk mytologi som er knytt til visdom og krigføring og i tillegg kunst, handel, lærdom og handverk. Ho blir ofte framstilt saman med ei ugle ('Minervas ugle'). Motstykket hennar i den greske mytologien er Atene.Larousse Desk Reference Encyclopedia, Book People, Haydock, 1995, p. 215. I romersk mytologi var tilknytinga hennar til krigføring tona ned i høve til det greske motstykket hennar. Ho var heller ikkje knytt til vald slik som Mars, men til strategisk krigføring. Minerva er ein av tre guddommar i Den kapitolinske triaden, i lag med Jupiter og Juno.

I etruskisk mytologi blir ho kalla Menrva.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Minerva» frå og «Minerva» frå , den 5. september 2023.

Kategori:Romerske gudar Kategori:Stridsgudar Kategori:Visdomsgudar