Gotytom Gebreslase () er ein etiopisk langdistanseløpar som vann gullmedaljen i maratonløpet ved VM i friidrett 2022.
I 2021 sprang Gebreslase i mål til siger i sitt aller fyrste maratonløp, Berlin maraton. Deretter tok ho bronsemedaljen då dei olympiske sommarleikane vart avvikla i Tokyo, på tida 2.18.18. Også i New York maraton 2022 enda ho på tredjeplassen. Under verdsmeisterskapen i Eugene presterte ho livsbeste 2.18.11 og slo kenyanske Judith Korir med 9 sekund. Eitt år seinare vann ho sølvmedaljen på distansen ved verdsmeisterskapen 2023 i Budapest, slått med 11 av landskvinna Amane Beriso.
Kjelder
World Athletics Denne artikkelen bygger på «Gotytom Gebreslase» frå , den 9. september 2023.
Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Etiopia Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2023