mini|Gudinna for visdom, eller den personleggjorte visdommen: Sophia (gresk «Σοφία»). Ved Celsus-biblioteket i Efesos i Tyrkia. Visdom eller klokskap er det å vita noko og ha evna til å nytta denne kunnskapen. Det kan definerast som kunnskap oppnådd av eiga erfaring og dermed å kunna dømma kva som er rett handling i ein gitt situasjon.Meriam-Webster Dictionary: http://www.merriam-webster.com/dictionary/wisdomCambridge Dictionaries Online: http://dictionary.cambridge.org/dictionary/british/wisdomOxford Dictionaries: http://oxforddictionaries.com/definition/english/wisdom Visdom kan òg definerast på mange andre måtar og sett i samanheng med fleire forskjellige ting, t.d. moral, innsikt, forståing, medkjensle og høg levealder, og er rekna som ein sjeldan, positiv, personleg eigenskap, eller som ein dyd i fleire trusretningar. Intelligens, kjensler og spiritualitet har òg likskapar med visdom, men er ikkje det same. Til dømes er det mogleg å ha intelligens og derfor forstå kva noko er, men likevel mangla praktisk erfaring til å vita kvifor det er sånn. Likevel er det ikkje slått fast ein bestemd definisjon om nøyaktig kva det betyr å vera vis, ved hjelp av vitskaplege studiar.Medical News Today: http://www.medicalnewstoday.com/articles/188170.php
Arthur Schopenhauer sa at det er betre å forklara kompliserte ting enkelt, enn enkle ting kompliserte. På same måte brukar ein gjerne likningar, med kvardagslege ting og ord som forklarer noko ein ikkje kan forstå ved kunnskap, men som ein likevel forstår, hjå figurar som Jesus og Buddha og andre religiøse skikkelsar, filosofar, munkar osb.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Visdom» frå , den 18. september 2023.
Kategori:Psykologi Kategori:Filosofi