The Twist er ei bru, eit kunstgalleri og ein skulptur i ei og same bygning som ligg ved Kistefos-Museets skulpturpark.
Ho er tenkt som ein bjelke som er vridd 90 gradar nær midten for å skape ei skulpturell form når ho vrir seg med eit spenn på 60 meter over Randselva.
The Twist er designa av det danske arkitektfirmaet Bjarke Ingels Group (BIG) og blei innvigd i 2019 av dronning Sonja.
Både Bloomberg og The Daily Telegraph har kåra The Twist til ei av dei vakraste og mest spennande bygningane som vart opna i 2019.
Brua Kistefos trong eit nytt museumsbygg som oppfylte krava til ambisjonane staden hadde om å kunne syne fram internasjonal kunst av høg klasse. I tillegg hadde dei eit behov for ei bru nummer to i parken, ettersom parken var blitt utvida nedover på begge sider av elva. Ideen om å slå saman desse to behova i eit og same bygg kom frå arkitektane i Bjarke Ingels Group. Ei bru som spenner 60 meter over ei elv og ei bygning i eitt gjev ein kompleks konstruksjon.
Den 1000 m² store bygninga går over Randselva, som på denne staden er grensa mellom kommunane Jevnaker og Ringerike. Brua bind saman stien i landskapet i skulpturparken, og begge sider av bygget fungerer som hovudinngang.
Brua har en dobbeltbogande geometri består av rette 40 cm breie aluminiumspanel i ei vifterørsle. Frå sørsida av elva går ein inn via ei dramatisk toetasjes dør, og inne har ein klår siktlinje gjennom heile bygninga til inngangen i nord. I nordenden gjev ein glasvegg i full høgde panoramautsikt til Kistefos Træsliberi og elva, mens vindauga bøyer seg oppover frå full høgde til å danne ei 25 cm brei stripe med takvindauge.
Galleri The Twist har tre galleri: Closed Gallery, Twist Gallery og Panorama Gallery.
Closed Gallery har høg takhøgde og ingen vindauge som slepp dagsljoset inn. Twist Gallery er, som namnet antydar, innsida av sjølve «twisten». I denne delen blir tak til veggar og veggar til tak når bygget vrir seg 90 gradar. I nordenden kjem ein inn i Panorama Gallery som med sine store vindauge slepp dagsljoset inn og gjev utsikt over dei omliggjande områda, elva og skulpturparken.
Skulpturen Den uvanlege skulpturelle forma vekte merksemd heilt frå det fyrste gong blei vist teikningar av bygget.
Vridinga midt på gjev ein dramatisk verknad, og det er ein unik bygning som strekk seg som ein skulptur over elva. Samspelet mellom bygninga, elva og skogen skiftar etter tidspunkt på året, dagen og veret.
Bilete av The Twist
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Twist» frå , den 19. september 2023.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Bruer i Akershus Kategori:Kultur i Akershus Kategori:Kunstmuseum i Noreg Kategori:Museum i Akershus Kategori:Skipingar i 2019 Kategori:Jevnaker