Klyngjeutval, eller klyngeutval, er ein utvalsmetode basert på utval klyngjer av element heller enn utval av enkeltelement. Klyngjene er grupper som har førekjem naturleg. Til dømes kan ein skule eller ei klasse utgjera ei klyngje. Klyngeutval er ofte ein kostnadseffektiv metode og kan gjennomførast utan at ein på førehand har ei fullkomen liste av populasjonen. Innanfor fiskeriforskinga kan fiskevær eller fiskemottak vera ei klyngje dersom ein er interessert i å undersøkja fangsten til fiskebåtane. I marknadsundersøkingar kan geografiske område (t.d. bydelar, kommunar, fylke osfr.) danna klyngjer. Data frå klyngjeutval er statistisk meir komplisert å handtera enn data frå reine tilfeldige utval. Klyngjeutval skil seg frå utveljing basert på stratum: Kvar klyngje er internt heterogen (og homogen utover), medan stratum er internt relativt homogene og samstundes klart ulike andre stratum.Cadima, E. L. (2005). Sampling methods applied to fisheries science: a manual. Food & Agriculture Org..
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Klyngeutvalg» frå , den 27. september 2023.
Kategori:Vitskaplege metodar Kategori:Stikkprøveteknikk