Margrethe Haarr () er ein norsk politikar frå Kongsvinger som sidan oktober 2021 representerer Hedmark og Senterpartiet på Stortinget. Frå 2019 til oktober 2021 var Haarr ordførar i Kongsvinger.
Haarr har vore medlem i kommunestyret i Kongsvinger sidan i 2007. Perioden 2015–19 var ho varaordførar. Etter kommunestyrevalet 2019 tok ho over som ordførar i Kongsvinger. Ved stortingsvalet 2021 stod Haarr på fjerdeplass på Senterpart-lista i Hedmark. Partiet fekk valt to representantar, men sidan begge desse fekk sete i Støre-regjeringa, har Haarr møtt fast på Tinget i staden for Emilie Enger Mehl. Haarr er medlem i Familie- og kulturkomiteen.
Kjelder stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Folk frå Kongsvinger