Sylblad (Subularia aquatica) er ein 2-8 cm høg vassplante i sylbladslekta som veks i næringsfattige innsjøar.
Skildring Blada er tynne og sylspisse. Dei sit i ein liten rosett. Blomane, som kjem i juli-august, er omlag 1 mm store, medan fruktene er 3-5 mm lange, ovale skulper. Sylblad kan ha blomar under vatn, men det er berre blomane som stig over vassoverflata som opnar seg. Blomane under vatnet blir verande lukka og pollinerer seg sjølv.
Frå botnen av rosetten går det ut ein liten dusk av klart kvite, tynne røter.
Sylblad veks særleg i næringsfattige innsjøar med klart vatn. Som tjørngras kan han veksa på periodisk tørrlagde breidder, der han så blir mindre av vekst.
Sylblad veks i Eurasia og Nord-Amerika. Han er utbreidd i Skandinavia.
Kjelderr
Denne artikkelen bygger på «Sylblad» frå , den 30. september 2023. oppgav desse kjeldene: Signe Frederiksen et al., Dansk flora, 2. utg., Gyldendal 2012. . Miljønyt, 2, 1990, Danske Vandplanter
Bakgrunnsstoff