Santiago Peña Palacios () er ein paraguayansk politikar og økonom som har vore president i Paraguay sidan 15. august 2023. Han var kandidat for det nasjonalistiske og konservative Coloradopartiet. Han har tidlegare vore finansminister og også sete i styret for den paraguayanske sentralbanken.

Biografi Santiago Peña er utdanna økonom frå Universidad Católica «Nuestra Señora de la Asunción» (2001) og School of International and Public Affairs, Columbia University (2003). Han arbeida som økonom inntil Horacio Cartes peika han ut til å erstatte German Rojas som finansminister i 2015, etter at Rojas trekte seg av personlege grunnar. Han har også undervist i økonomi ved Universidad Católica «Nuestra Señora de la Asunción» og gjeve ut fleire forskingsdokument om finans og pengepolitikk.

Peña melde seg inn i Coloradopartiet i oktober 2016 etter at han hadde vore medlem i Authentic Radical Liberal Party (PLRA) sidan han var 17 år. Han blei skulda for å gjere dette fordi den dåverande presidenten Cartes (frå Coloradopartiet) hadde annonsert at han ville skifte ut regjeringsmedlemmar som ikkje var partimedlemmar. Peña kunngjorde at han melde seg inn på grunn av fokuset partiet hadde på å utvikle Paraguay, og han hevda også at han var i slekt med ein av grunnleggjarane av partiet, Jaime Peña.

Peña stilte som presidentkandidat for partiet ved presidentvalet i 2018, men tapte då mot Mario Abdo Benítez. Etter nederlaget blei Peña vald inn i styret for Banco Amambay i mars 2018. Banken er ein del av Cartes-gruppa som er eigd av den tidlegare presidenten Horacio Cartes.

I 2022 stilte Peña på nytt som presidentkandidat. Han blei sett på som ein som vidareførte politikken til Horacio Cartes, mens hans motkandidat Arnoldo Wiens blei samanlikna med Abdo Benítes. Kritikarar av Peña hevda at han ville enda opp som eit talerøyr for Horacio Cartes om han blei vald.

Peña blei vald til president 30. april 2023 etter å ha fått 43,9 % av røystene (i Paraguay blir presidentvalet avgjort etter ein valrunde). Han blei gratulert av avtroppande president Mario Abdi Benítez, den brasilianske presidenten Luiz Inácio Lula da Silva og den argentinske presidenten Alberto Fernández. Etter valsigeren la Peña vekt på å skape samarbeid for å møte dei økonomiske utfordringane i landet. Han blei tatt i eid som president 15. august 2023.

Politisk syn Før valet i 2023 blei Peña sett på som ein konservativ politikar som var mot abort og likekjønna ekteskap, men i 2017 var Peña for likekjønna ekteskap og meinte at abort måtte «diskuterast ope og utan fordommar». Han endra standpunkt etter kritikk frå konservative kretsar. Under valkampen i 2023 lova han å skape 500 000 nye jobbar, og avviste å gjennomføre skatteaukingar. Det siste blei kritisert av The Guardian, som skreiv at Paraguay «har ein underfinansiert stat og det lågaste skattenivået i Sør-Amerika, noko som i stor grad favoriserer dei rikaste i samfunnet». I mai 2023 kunngjorde Peña at han ønskte å flytte den paraguayanske ambassaden i Israel til Jerusalem etter han han var innsett som president.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Santiago Peña» frå , den 3. oktober 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Paraguayanske politikarar Kategori:Paraguayanske presidentar Kategori:Paraguayanske økonomar