Ünal Üstel () er ein tyrkisk-kypriotisk politikar som frå 12. mai 2022 har vore statsminister i den ikkje-anerkjende republikken Nord-Kypros.
Biografi Üstel er fødd i Páfos og utdanna ved det odontologiske fakultetet ved universitetet i Istanbul i 1983. Etter studia vende han tilbake til Nord-Kypros, der han blei vald inn i parlamentet i 1991 frå valkrinsen Kyrenia (Girne) for det (tyrkisk-)nasjonalistiske, konservative partiet Det nasjonale einskapspartiet (Ulusal Birlik Partisi, UBP). I 2001 og 2002 var han visepresident i parlamentet. Han blei attvald i 2003, 2009 og 2013. I perioden frå april 2011 til juni 2013 var han statsråd for turisme, kultur, ungdom og miljø i regjeringa til İrsen Küçük, før han igjen blei visepresident i parlamentet frå 4. september 2013 til 9. oktober 2015.
Frå 20. februar 2021 til 5. november 2021 var Üstel helseminister i regjeringa til Ersan Saner. Etter at Faiz Sucuoğlu danna ny regjering i november 2021 blei Üstel innanriksminister frå 21. februar 2022.
Den 12. mai 2022 blei Üstel utnemnd til statsminister og danna eiga regjering.
Üstel er gift og har to barn.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ünal Üstel» frå , den 3. oktober 2023.
Kategori:Tyrkisk-kypriotiske politikarar Kategori:Statsministrar i Nord-Kypros Kategori:Helsesministrar i Nord-Kypros Kategori:Innanriksministrar i Nord-Kypros