Grong (sørsamisk: Kråangke) er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen ligg i den midtre delen av Namdalen, omkring elvane Namsen og Sanddøla. Elvane møtest ved kommunesenteret Grong.

Grong kommune vart oppretta i 1964 da dei tidlegare kommunane Grong og Harran vart slått saman. Kommunen grensar i nord og nordaust til Namsskogan, i vest til Høylandet og Overhalla, i sør til Snåsa og i søraust til Lierne.

Europaveg 6 og Nordlandsbanen går gjennom kommunen. Det er samband til Sverige med fylkesveg 74 gjennom Lierne.

I kommunesenteret finn ein Grong videregående skole og Namdals folkehøgskole.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Kommunar i Trøndelag Kategori:Namdal