mini|Loke (høgre) og Idunn, den norrøne kjærleiksgudinna som er gift med Brage, har ansvaret for epla som gir evig ungdom, men blir bortførte av jotunen Tjatse. Luringen Loke speler ei vesentleg rolle i handlinga, her ei moderne fortolking av John Bauer, 1911 Luring, engelsk trickster (frå to trick, «å lura»), er ein mytologisk figur som er kjent for å vera slu og å lura andre. Eventuelt dummar han også seg sjølv ut. Som hovudfigur fungerer luringen som ei form for antihelt.

I mytologiar og i studiet av eventyr, fablar, folkeminne og religion fyller luringen eller tricksteren ei bestemd rolle eller funksjon for ein gud, ei ånd, eit menneske, eller eit antropomorfistisk (menneskeliknande) dyr som gjer lureri eller «triks» eller på andre måtar fornærmar eller lèt vere å lyda anerkjente reglar og normer for åtferd. Eit karakteristisk døme på ein slik figur er Loke i norrøn mytologi, som både oppfører seg vondskapsfullt (som ved døden til BalderGylfaginning) og samtidig har eigenskapar som er nødvendige når ein treng drastiske tiltak (som når Tor sin hammar blir stolen).Trymskvadet

Mytologi mini|Luringen opptrer i mange kulturar og i mange former, her i form av Brer Rabbit i USA Luringgudar bryt reglane til gudane eller naturen, av og til av vondskap (som Loke), men vanlegvis, om enn utilsikta, med positive effektar til slutt. Ofte tar brotet på reglane form av lureri eller triks (jfr. den greske gudinna for tvil og tvist, Eris) eller ved tjuveri. Luringar kan vera utspekulerte og listige, eller tåpelege og klossete, eller kan opptre med ein kombinasjon av begge deler. Dei er ofte morosame, sjølv når dei utfører betydelege kulturelle eller heilage oppgåver. Eit døme på dette er den heilage klovnen Heyoka hjå lakotafolket, som hadde som rolle å utføra «triks» og peik og såleis skaffa seg merksemd og fungera som ein utjamnar.

I mange kulturar, slik som i gresk antikk, norrøn gudelære eller i slaviske folkeminne, i lag med visdomsforteljingar frå kulturen til nordamerikanske urfolk, er luringen og kulturhelten ofte kombinerte. Eit illustrerande døme er Prometheus i gresk mytologi, som stal elden frå gudane og gav han til menneska. Han er oftast framstilt som ein kulturhelt snarare enn ein luring. I mange mytologiar hos urfolk i Nord-Amerika er det prærieulven (sørvestlege USA) eller ramnen (stillehavskysten, nordvest og Alaska) som stal eldane frå gudane (stjernene, månen, og/eller sola) og er i denne samanhengen meir ei luring enn ein kulturhelt. Dette er hovudsakleg sidan andre historier involverer desse åndene: Prometheus var ein titan der prærieulven og ramnen er vanlegvis (som i eventyra) sett på som spøkefuglar og luringar. Døme på luringar i verdsmytologiane er gitt av Hansen (2001), som listar opp Merkur i romersk mytologi, Hermes i gresk mytologi, Eshu i jorubareligionen i Vest-Afrika, og Wakdjunga i den nordamerikanske winnebago-mytologien som døme på luringen som ein arketype (ursymbol). Hansen konstaterer at luringen nesten utelukkande er av hankjønn.

Ofte syner luringfiguren ein fleksibilitet i kjønn og form, han kan skifta kjønnsroller og inngå i motsett seksuelle roller. Slike figurar opptrer i mytologiar hjå amerikanske urfolk der dei er sagt å ha eit vesen av to ånder. Den norrøne luringen Loke viser tilsvarande fleksibilitet i kjønn og blir ved eitt tilfelle òg gravid.Gylfaginning Interessant nok deler han moglegheita til å skifta kjønn saman med Odin, den øvste norrøne guddommen som delar mange karaktertrekk med luringen. Førestillinga om Odin innebar både feminine og maskuline sider, meir eller mindre seksuelle, som vanlegvis var knytte til vanene. Desse eigenskapane inneber ein opplagt tvitydigheit med omsyn til sosial kjønnstilhøyring, og kan truleg knytast til ekstatisk side av odinskikkelsen.Solli, Brit: Seid. Myter, sjamanisme og kjønn i vikingenes tid. Oslo 2002. ISBN 82-530-2403-7. Side 75.

I tilfellet med graviditeten til Loke var han tvinga av gudane til å stoppa ein jotne frå å fullføra ein mur rundt Åsgard for dei innan ein viss tidsfrist, fordi han då hadde krav på sola, månen og Frøya som løn. Gudane hadde gått med på forslaget ettersom dei ikkje trudde han ville klara det i tide, men jotunen hadde ein kjempesterk hest, Svadilfare. Loke forvandla seg til ei hoppe og lurte den magiske hesten til jotunen vekk frå arbeidet. Loke sjølv betalte ein pris som ikkje var ærefull ved seinare å føda eit føl som hadde åtte bein. Det blei kalla for Sleipner, og blei sidan gangaren til Odin.Steinsland, Gro: Norrøn mytologi. Myter, riter, samfunn. Oslo 2005. Side 232.

I nokre kulturar har ein dualistiske mytar som omfattar to demiurgar som skaper verda, eller to kulturheltar som ordnar verda på komplementært vis. Dualistiske kosmologiar er til stades i mytologiar frå alle verdsdelar, og viser stor forskjellar og mangfald.Zolotarjov 1980: 54 Dei to heltane kan fullføra eller samarbeida, dei kan framstå som nøytrale eller vera kontrastar mellom det gode i det vonde, ha same tyding eller vera fråskilde som mektige i motsetnad til svake, vera brør (òg tvillingar) eller ikkje i slekt i det heile.Zolotarjov 180: 40–43

Luringar frå ulike kulturar

Loke mini|Skisse av Lokesteinen, ein omtrent ein meter høg bauta utanfor kyrkja i Kirkby Stephen i Cumbria i England, som viser ein skikkelse med horn som er bunden i lenker. Loke, norrønt Loki, står i ei særleg stilling i den norrøne gudeverda. Han er fødd av jotunslekt, men bakgrunnen er innfløkt og uklar. Jotunen Fårbaute er faren hans og mora synest å vera Lauvøy eller Nål, og han er innlemma i verda til gudane gjennom ein fosterbrorskap med Odin. Tydinga hans er stor. Ofte er det han som set hendingane i gang, og han har ofte ei hovudrolle i dei mange forteljinga.

Snorre Sturlason beskriv Loke som følgjande:

«Til æsene regnes også han som en del kaller æsenes baktaler. Alt sviks opphavsmann og alle guders skam. Han heter Loke eller Lopt (...). Loke er pen og vakker av utseende, men ond av sinnelag, og svært ustadig i sitt vesen. Han er foran andre i den klokskap som kalles sluhet og bruker list til alle ting. Han volder stadig æsene de verste ulykker, men redder dem igjen med sine listige innfall.»Gylfaginning i Snorre-Edda.

I mange forteljingar er Loke meir slu enn han sjølv har godt av. I myten om Idunn og jotunen Tjatse er han ein rein komisk figur. I ørneham freistar han å slå jotunen, men blir hengande igjen etter ei stong og slept over stokk og stein til han ber om nåde. I ei anna forteljing narrar han Tor avgarde utan jernhanskane sine, hammar eller styrkebelte. I myten om opphavet til Sleipner blir Loke både mann og kvinne. Av og til blir han straffa for gjerningane sine, som når han skjer håret av Siv, kona til Tor, og får leppene sydd igjen.

Det er fyrst og fremst myten om døden til Balder som har etablert Loke som vondskapsfull. Loke for at Balder døyr ved at få den blinde og uskuldige broren hans Hod til å skyta ei pil på han av det einaste materialet som Balder ikkje var verna mot. Straffa Loke får for denne udåden er òg tilsvarande: han blir slept til ei hole og bunde til tre store steinar med tarmane av sin eigen son. Ein eiterorm blir festa over hovudet hans, og når gifta dryper i hovudet hans vrir han seg i smerter (og såleis blir det skapt jordskjelv).Steinsland, 2005. Side 233

Reven Renard mini|Reven Renard som luringen, avbilda her i ei barnebok frå 1869 ved Michel Rodange. Den listige reven, kjend som Reven Renard, Reynard, Renart, Reinard, Reinecke, Reinhardus, Reynardt, Reynaerde og med mange andre skrivemåtar, er ein luringfigur som opptrer i mange antropomorfistiske forteljingar og dyrefablar i Europa frå mellomalderen, særleg Frankrike. Namnet er truleg avleidd frå det germanske Reginhard, men sjølve figuren verker å ha hatt opphavet sitt i franske folkeminneforteljingar. Han kan òg ha vore påverka av Æsops fablar og dei romerske Faudrus eller Fædrus-samlingene. Ein tysk klerk som heitte Nivardus skreiv i 1148 eit latinsk dikt, Isengrimus, der han omskapte ein kort fabel til eit langt satirisk dikt om forholda i samtida, særleg munkevesenet. Ulven Isengrim opplever mykje, og kvart dyr står for bestemte dygder eller laster. Noko før, i 1175, hadde Pierre de Saint-Cloud skrive ein fransk versjon av denne forteljinga, Roman de Renart eller Reveromanen. Her tyder «roman» ein tekst som er overført og omdikta frå latin til fransk, og ikkje roman i den moderne tydinga. Han bestod av forteljingar på vers. Hovudpersonen er ein rev som heiter Renart, og forteljinga blei så populær at Renart òg blei eit namn som viste til rev (synonymt med goupil på gammalfransk).Togeby, Knud: «Europeisk litteratur» i Verdens litteraturhistorie bd. 2 (red. Beyer, Edvard et. al. Oslo 1971. Side 342

Renart er blitt kalla til hoffet til kong Edel, eller Leo, løva, for å forsvara seg mot tiltalar som er blitt retta mot han av ulven Isengrim. Andre menneskeliknande dyr er bjørnen Bruin, eselet Baldwin og katten Tibert som alle freistar å overlista kvarandre. Forteljingane er alle satirar mot aristokratiet og presteskapet, noko som gjer Renart til bondestanden sin helt, eller luring, men fyrst og fremst er forteljingane parodiar på dei høviske kjærleiksskildringane i riddarromanane.

Ei forteljing som representerer luringtemaet er når Renard besøker ulvehòla der Isengrim si kone Hersant er åleine heime. Hjå Nivardus er ho den trufaste hustrua, men hjå Saint-Cloud blir ho forført av reven, noko som skaper vondt blod mellom reven og ulven. Isengrim stemnar Renard for hoffet til kongen, skulda for hor, og heile hoffet blir spurt om meininga si.

Prærieulven Prærieulvmyten er utbreidd i fleire urfolkskulturar i Nord-Amerika. Prærieulven er eit allestadsnærverande vesen, og kan kategoriserast i mange typar. I skapingsmytar opptrer prærieulven som skaparen sjølv, men på same tid kan han vera bodbringaren, kulturhelten, luringen og tåpen. Han kan òg ha evna til å forvandla seg sjølv. I nokre forteljingar er han ein kjekk og ven ung mann, i andre er han eit dyr; andre presenterer han som ei heilag makt. Ifølgje overleveringar frå crowfolk og andre stammar frå dei store slettene i USA, Great Plains, er «gammalmanns-prærieulven» (Old Man Coyote) sjølve skaparen: «Han gav namn til bisonen, hjorten, elgen, antilopa og bjørnen. Alle desse kom inn i tilveret.» I slike mytar er prærieulv-skaparen aldri nemnt som eit dyr, og han kan møta dyremotparten sin prærieulven: dei kan adressera kvarandre som «eldre bror» og «yngre bror», og gå og snakka saman. Ifølgje Aka Hultkranz er framstillinga av prærieulven som skaparen eit resultat av eit tabu, ei mytisk erstatning av ei religiøs førestilling av Den store ånda, som har eit namn som var for farleg og/eller heilag til å bli nytta utanfor ein særeigen seremoni.

Som kulturhelt opptrer prærieulven i ulike mytiske tradisjonar. Dei viktigaste heroiske attributtane hans er forvandling frå eit vesen til eit anna, reise, store dådar og makt. Han kan endra straumen i elvane, stå på toppen av fjell, skapa nye landskap og gje heilage gjenstandar til menneska. I tillegg er tradisjonen der prærieulven slåst mot uhyre. Etter tradisjonen til wascofolk var prærieulven helten som kjempa mot og drap Tordenfuglen, menneskemordaren, men han greidde det berre ved hjelp av Den store ånda: Prærieulven freista så godt han kunne, slåst hardt og hadde fasta i ti dagar før kampen, slik han var rådd til av Den store ånda. I mange wasco-mytar er prærieulven ein rival av ramnen (kråka) om same prøvar: i nokre forteljingar oppstod fossen Multnomah Falls på grunn av innsatsen til prærieulven, i andre forteljingar er det på grunn av ramnen. I nokre forteljingar er prærieulven ein edel luring, men i andre forteljingar er han vondskapsfull.

Luringen som arketyp mini|Askeladden og trollet.