Hilmar Alexandersen () var ein norsk felespelar og komponist.

Han var kjend for å spela taterviser og tradisjonell folkemusikk, og hadde ei rekkje utgjevingar, mellom anna serien Gammeldanstreff med P.A. Røstad. Han var mottakar av «Torkjell Haugeruds Minnefond» (1975), var æresmedlem i Landslaget for Spelemenn 1978, og fekk Nord-Trøndelag fylkes kulturpris i 1987. Fram til 2001 var han den einaste, som i tillegg til Sigbjørn Berhoft Osa, hadde fått tildelt feleknappen i gull av Noregs Ungdomslag.

«Hilmarfestivalen» i Steinkjer vart etablert i 2003. Musikken hans vart utgjeven på Hjartespel, i serien «This is music from Norway». Gjermund Larsen stod bak bestillingsverket til Telemarkfestivalen 2006, der musikken til Alexandersen var hovedtema.

Hilmarprisen vart oppretta i 1991, og vert delt ut i namnet hans, i eit samarbeid mellom Steinkjer kommune og Trøndelag fylkeskommune for fremje av folkemusikk.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hilmar Alexandersen» frå , den 22. oktober 2023.

Bakgrunnsstoff Hilmarfestivalen Hilmar Alexandersen i Steinkjerleksikonet

Kategori:Norske fiolinistar Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Folk frå Steinkjer