Costco Wholesale Corporation (ofte berre Costco) er eit amerikansk multinasjonalt selskap som driv ei kjede av store butikkar med medlemskap (varehusklubb). I 2023 var Costco den tredje største detaljhandelforhandlaren i verda, og i 2016 var selskapet den største forhandlaren i verda av storfekjøtt, økologisk mat, grillkylling og vin. Costco er rangert som nummer 11 på Fortune 500-rankinga over dei største amerikanske selskapa etter total omsetning.

Costco sitt verdsomspennande hovudkontor ligg i Issaquah, Washington, ein forstad aust for Seattle, sjølv om varemerket Kirkland Signature ber namnet på det tidlegare hovudkontoret til selskapet i Kirkland. Selskapet opna sitt første varehus (warehouse: nemninga til kjeda på utsalsstadene) i Seattle i 1983. Likevel, gjennom fusjonar går historia til Costco tilbake til 1976, då den tidlegare konkurrenten Price Club vart grunnlagd i San Diego i California.and the Canadian head office is situated in Ottawa, Ontario. Per september 2023 har Costco 861 varehus over heile verda: 591 i USA, 107 i Canada, 40 i Mexico, 33 i Japan, 29 i Storbritannia, 18 i Sør-Korea, 15 i Australia, 14 i Taiwan, fem i Kina, fire i Spania og to i Frankrike, i tillegg til eitt på Island, eitt i New Zealand og eitt i Sverige.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Costco» frå , den 29. oktober 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1983 Kategori:Selskap notert på børsen i New York Kategori:Detaljhandel i USA