Luigi Carnera () var ein italiensk astronom og matematikar.
Minor Planet Center listar han som oppdagar av 16 asteroidar mellom 1901 og 1902. Asteroiden 39653 Carnera er kalla opp etter han.
Liv og virke I byrjinga av karrieren sin var Carnera assistent for den tyske astronomen Max Wolf i Heidelberg. På denne tida oppdaga han ei rekkje asteroidar. Han arbeidde i Tyskland, Italia og Argentina før han vende tilbake ti Italia for godt i 1908.
Carnera var leiar for Trieste observatorium frå 1919; Trieste var nett blitt annektert av Italia etter fyrste verdskrigen. Han blei så leiar for Capodimonte observatorium i Napoli frå 1932, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon i 1950. I 1943, under andre verdskrigen, blei observatoriet mellombels okkupert av amerikanske og britiske troppar så dei kunne setja opp ein radarstasjon.
Asteroidar oppdaga av Carnera 466 TisiphoneOppdaga i lag med Max Wolf17. januar 1901469 Argentina20. februar 1901470 Kilia21. april 1901472 Roma11. juli 1901476 Hedwig17. august 1901477 Italia23. august 1901478 Tergeste21. september 1901479 Caprera12. november 1901480 Hansa21. mai 1901481 Emita12. februar 1902485 Genua7. mai 1902486 Cremona11. mai 1902487 Venetia9. juli 1902488 Kreusa26. juni 1902489 Comacina2. september 1902808 Merxia11. oktober 1901
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Luigi Carnera» frå , den 31. oktober 2023.
Denne artikkelen bygger på «Luigi Carnera» frå , den 31. oktober 2023.
Kategori:Italienske astronomar Kategori:Italienske matematikarar