Even Eriksen () er ein norsk jurist og politikar frå Trysil. Mellom 2021 og 2023 var han stortingsrepresentant frå Hedmark for Arbeidarpartiet.
Karriere Eriksen er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo. Han var frå 2015 medlem i kommunestyret og formannskapet i Trysil, frå 2019 også medlem av fylkestinget i Innlandet. Etter stortingsvalet 2021 rykte han inn på Stortinget då Anette Trettebergstuen vart statsråd i Støre-regjeringa. Han måtte forlate stortings-taburetten då Trettebergstuen vart tvinga til å gå ut av regjeringa i juni 2023. I august 2023 fekk han jobb som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Støre Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Trysil