Sound of Freedom er ein amerikansk spenningsfilm frå 2023, regissert av Alejandro Monteverde og med Jim Caviezel, Mira Sorvino og Bill Camp i hovudrollene. Caviezel speler Tim Ballard, ein tidlegare amerikansk regjeringsagent som legg ut på eit oppdrag for å redda barn frå menneskehandlarar i Colombia. Filmen er produsert av Eduardo Verástegui, som også speler ei rolle i filmen. Handlinga er sentrert kring Ballards Operation Underground Railroad, ein organisasjon mot menneskehandel.
Sound of Freedom vart utgjeven i USA den 4. juli 2023 av Angel Studios. Han var ein sovande suksess, og vart ein av dei mest suksessrike uavhengige filmane gjennom tidene. Filmen har tent inn 245 millionar US-dollar mot eit budsjett på 14,5 millionar US-dollar. Han fekk blanda mottaking frå kritikarar, medan mottakinga frå publikum har vore meir positiv.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Filmar frå 2023 Kategori:Spenningsfilmar