mini|Høgblokka i regjeringskvartalet, 1955–58. Påbygg i 1990.
Erling Viksjø () var ein norsk arkitekt kjend for ei rekkje monumentalbygg, særleg i Oslo. Viksjø vert rekna som ein av dei fremste arkitektane innan norsk modernisme,Lisbeth Guldbrandsen: En mild modernist som bygde Oslo i betong - OBOS-bladet nr. 2- april 2021 og var med på å prega norsk arkitektur etter den andre verdskrigen. Høgblokka i regjeringskvartalet vert rekna som eit av dei viktigaste byggverka hans. Det er likevel delte meiningar om arkitekturen hans, og delar av produksjonen hans er omstridd.
Bakgrunn Viksjø studerte arkitektur ved Noregs tekniske høgskule fram til 1935. Han fór så til Oslo der han byrja hjå arkitekt Ove Bang; eit arkitektkontor som opererte med ein radikal arkitekturpolitisk tenking og var blant dei fremste i Noreg innan funksjonalismen. Viksjø var ein overtydd tilhengjar av denne retninga. Han tok del i arkitektkonkurransen om ein ny regjeringsbygning i 1939 med prosjektet «Vestibyle», dominert av ei høgblokk på 12 etasjar. Han vart kåra til ein av fire vinnarar, men prosjektet vart skrinlagt som fylgje av den andre verdskrigen. Etter krigen sette staten ned ein komité til å kjosa kva for eit av dei fire utkasta som skulle realiserast, derav Viksjø fekk oppdraget.Bjørn Sverre Pedersen: «Gatens arkitekturhistorie» i Juul Møller, Trygve (red.): Akersgaten, Oslo 1967, s. 146-152
Under andre verdskrigen leidde han arkitektkontoret Bang etter at Ove Bang døydde i 1942. Frå 20. april 1944 og resten av krigen sat Viksjø på Grini. Etter krigen byrja han sitt eige arkitektkontor, og vinnarutkastet til regjeringsbygningen vart det fyrste store oppdraget hans. Det vart justert fleire gongar, blant anna for di det verneverdige Empirekvartalet tok opp det meste av tomta. Etter ein langvarig og oppheita vernedebatt vart ei redusert høgblokk oppført i åra 1955–1958, og den gamle busetnaden riven.Bjørn Sverre Pedersen: «Gatens arkitekturhistorie» i Juul Møller, Trygve (red.): Akersgaten, Oslo 1967, s. 146-152 «Y-blokka» nord for høgblokka på eit «lokk» over Arne Garborgs plass var ein del av utbyggingsplanen til Viksjø, men vart ikkje oppført før i 1969–1970.Erling Viksjø: «Det nye regjeringsbygget». Byggekunst 1-1959, s.3
Påverknad Erling Viksjø var påverka av den sveitsiske arkitekten Le Corbusier, noko som særleg kom til uttrykk i høgblokka i regjeringsbygningen. Høgblokka vart løfta opp på søyler eller «pilotis», og vart såleis delvis «frigjord» frå bakken. Eit sannsynleg førebilete var Utdanningsdepartementet i Rio de Janeiro frå 1947 av Le Corbusier i samarbeid med blant anna Oscar Niemeyer. Takløysinga med skulpturelt utforma oppbygg for statsrådssal og tekniske installasjonar har referanse til Villa Savoye og Unité d'Habitation i Marseille teikna av Le Corbusier.Erik Rolfsen: «Bygg for regjeringskontorer». Byggekunst 1-1959, s. 8.
Sidan innverknaden frå Le Corbusier er så tydeleg – særleg åsta for betong som byggjemateriale og byggjestil – vert Viksjø og byggverka hans stundom omtala som bygd i brutalistisk tradisjon. Retninga var rett nok dyrka av Le Corbusier, og ho fekk i 1950-åra namn av arkitektar som ovundra bruken av rå betong – béton brut. Betongoverflatene i prosjekta til Viksjø var derimot aldri «rå». Alle overflatene var av naturbetong som var foredla ved overflatebehandling. Karakteriseringa av Viksjø som de facto brutalistisk arkitekt er difor noko upresis.
Naturbetong mini|I trappegangen i høgblokka i regjeringskvartalet av arkitekt Erling Viksjø. Sandblåst relieff i trapperomsvegg av Pablo Picasso.
I samarbeid med ingeniøren Sverre Jystad utvikla dei naturbetong – som vart patentert i 1955. Teknikken innebar tilslag av rundslipt elvegrus som vart sandblåst for å gjeva betongoverflata eit grovare uttrykk. Han vart fyrste gong brukt i regjeringsbygningen i alle synlege overflater, og vart utnytta som kunstnarisk uttrykksmiddel i gavlane, i vestibylen og på veggane i trappegangane.Erling Viksjø: «Det nye regjeringsbygget». Byggekunst 1-1959, s. 4-5 Her samarbeidde Viksjø med ei rekkje kjende kunstnarar, og igjennom Carl Nesjar kom òg Pablo Picasso til å levera teikningar til sandblåsen dekor både i høgblokka og Y-blokka.
Naturbetong vart òg brukt i Bergen rådhus, Lillehammer kunstmuseum (seinare kombinert med påbygg av Snøhetta) og hovudkontoret til Yara, tidlegare Norsk Hydro.
Snippen, Luftforsvarets Byggelag på Holmen ved Hovseter i Oslo, 1946–52 Regjeringsbygningen i Oslo, 1946–59 Fiskerifagskolen i Honningsvåg, 1950–56 Marmorberget burettslag på Lambertseter i Oslo, 1952–54 Hangarar på Bodø og Ørland hovudflystasjon, 1952–56 Nordnorsk student- og elevhjem i Oslo, 1953–60 Bakkehaugen kyrkje i Oslo, 1955–59 Oslo Helseråd (Domus Nova), St. Olavs plass 5, Oslo, 1956–69 Y-blokka i Regjeringskvartalet i Oslo, 1956–70 Kanalbrua i Tønsberg, 1957 Nordseter fjellkyrkje ved Lillehammer, 1958–64 Administrasjonsbygningen til Norsk Hydro (Hydrobygget), Bygdøy allé 2, Oslo, 1960–63 Elkemhuset, Middelthuns gate 27, Oslo, 1960–65 Tromsøbrua i Tromsø, 1963 Kino og kunstsamlingen på Lillehammer, 1963 Standard Telefon og Kabelfabrik i Østre Aker vei 33 i Oslo, 1968 Bergen rådhus i Bergen, 1968–74 Ringerike rådhus i Hønefoss, 1962
Prisar Sundts premie i 1951–1952 for Snippen bustadfelt (Luftforsvarets Byggelag), Hovseter. Betongtavlen i 1961 for Bakkehaugen kyrkje. Betongtavlen i 1963 for Tromsøbrua.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erling Viksjø» frå , den 11. november 2023.
Litteratur
Erling Viksjø i Norsk kunstnerleksikon Henjum, Berit Johanne: «'Det beste jeg noen gang har laget' – Erling Viksjøs rådhusutkast i Bergen (1951–53)». I: Johnsen, Espen (red.): Brytninger i norsk arkitektur 1945-65. Nasjonalmueet – Arkitektur, Oslo 1910, s. 106-115. ISBN 978-82-8154-054-5 Pedersen, Bjørn Sverre: «Gatens arkitekturhistorie».I: Juul Møller, Trygve (red.) Akersgaten, Oslo 1967, s. 15–192.
Bakgrunnsstoff
Erling Viksjø i Nasjonalmuseet.
Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Folk frå Trondheim Kategori:Norske arkitektar