Chellsie Marie Memmel () er ein USA-amerikansk tidlegare turnar som i 2005 vart verdsmeister i mangekamp. Under Turn-VM 2003 vann ho VM-gull i skranke og med det USA-amerikanske mannskapet i lagtevlinga. Perioden 2003-08 vann ho elles tre VM-sølv eitt OL-sølv.

I Turn-VM 2003 på heimebane i Anaheim sikra Memmel, saman med mellom andre Carly Patterson, gull til arrangørlandet i lagtevlinga. Memmel og ei landskvinne, Holly Vise, delte så fyrsteplassen i skranke. To år seinare sigra Memmel i mangekampen då Turn-VM 2005 vart avvikla i Melbourne, lagkamerat Nastia Liukin vart nummer 2. På øvingane bom og skranke vann Liukin gull, med Memmel på sølvplass i begge. Begge to var også med då USA vann sølv i lagtevlinga ved Turn-VM 2006 i Århus, Kinas lag stakk av med sigeren. Også under Sommar-OL 2008 i Beijing vann Kina lagtevlinga framom USA og Memmel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chellsie Memmel» frå , den 14. november 2023.

Kategori:USA-amerikanske turnarar Kategori:Verdsmeistrar i turn Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 2008