Sigvaldi Björn Guðjónsson () er ein islandsk handballspelar som spelar for Kolstad Håndball og det islandske landslaget.EHF profile

I tillegg til vanleg handball spelar han òg strandhandball.

Guðjónsson deltok i verdsmeisterskapen i handball for menn i 2019.2019 World Men's Handball Championship roster

Guðjónsson flytta til Danmark då han var ti år gammal, og gjekk gradene i Århus Håndbold sitt akademi. I 2011–12-sesongen vann han den danske juniormeisterskapen med klubben. I 2013–14-sesongen spelte han for 1. divisjonslaget Vejle Håndbold.

I 2014 gjekk Guðjónsson til Bjerringbro-Silkeborg. Etter ein sesong der vende han tilbake til Århus Håndbold, der han spelte dei neste tre sesongane.

I 2018 gjekk Guðjónsson til Elverum Håndball, der han vann den norske serien i 2019 og 2020.

I 2020 skreiv Guðjónsson under for den polske klubben Vive Kielce, der han vann den polske meisterskapen i 2021 og 2022, og den polske cupen i 2021. I 2022 vende han tilbake til Noreg for å spela for Kolstad Håndball. Her vann han både den norske serien, seriesluttspelet og cupen i 2023.

Kjelder

Kategori:Islandske handballspelarar