mini|Metavulkansk stein (metabasalt) frå Michigan i USA. Metavulkanske bergartar er dagbergartar som viser teikn på å ha gått gjennom metamorfose. Med andre ord er steinen opphavleg blitt laga av ein vulkan, anten som lava eller tefra. Deretter blei han utsett for høgt trykk, temperatur eller begge delar, til dømes ved å dekkast av yngre stein, slik at den opphavlege vulkanske steinen rekrystalliserte.
Når det er mogleg å fastslå den opphavlege vulkanske steintypen frå eigenskapane til den metavulkanske steinen (særleg om graden av metamorfose er liten), blir steinen gjeven eit meir presist namn ved å leggja prefikset meta- til den opphavlege steintypen. Til dømes vil ein svakt metamorfosert basalt bli skildra som ein metabasalt, eller ein svakt metomorfosert tuff som ein metatuff.
Metavulkansk stein er vanleg i grønsteinbelte.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Metavolcanic rock» frå , den 1. desember 2023.
Kategori:Metamorf petrologi Kategori:Tefra Kategori:Metamorfe bergartar