«Bridges» (norsk omsetjing: ‘bruer’) er ein song frå 2022 med den estiske songaren Alika Milova. Songen vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2023 og var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen I eit intervju med Eurovision-nettsida ESCUnited, blei «Bridges» skapt i samband med ei innspeling i Nederland saman med låtskrivarkollegaen Wouter Hardy. Milova blei plutseleg veldig uroleg og gjekk til eit toalett for å gråte. Hardy baud ho deretter ut på lunsj for å lufte angsten. Etter å ha nølt, takka ho ja. Seinare drog dei heim til han for å skrive musikk, og der skreiv dei «Bridges» i løpet av tre timar. Hardy har skrive ei rekkje låtar tidlegare, og står bak Eurovision-låtane «Arcade» (vinnar for Nederland i 2019) og «Tout l’Univers» (tredjeplass for Sveits i 2021)
For Milova representerer «Bridges» alle kjenslene ho opplevde i studio den dagen. Tittelen spelar på at ho ønskjer at lyttaren skal kommunisere med seg sjølv og med andre, sjølv om du føler at du er «fortapt i ei stor verd med mange folk rundt deg».
«Bridges» var eit av bidraga i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2023 der vinnaren fekk representere Estland i Eurovision Song Contest 2023. Songen vann finalen laurdag 11. februar og blei dimed det estiske bidraget i Eurovision Song Contest.
Estland deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der enda «Bridges» på ein tiandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. Songen enda på åttandeplass i finalen, det beste resultatet til Estland på fem år.
Listeplasseringar + Liste (2023) Høgasteplassering Island (Plötutíðindi) 40 Litauen (AGATA) 20 Nederland (Single Tip) 23 Sverige (Sverigetopplistan) 17
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bridges (Alika-sang)» frå , den 5. desember 2023.
Kategori:Estiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar