Remo Forrer () er ein sveitsisk songar. Han slo gjennom musikalsk i 2020, då han vann den tredje sesongen av The Voice of Switzerland, og han representerte Sveits i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool med låten «Watergun».

Bakgrunn Forrer vaks opp i byen Hemberg i kantonen Sankt Gallen. Han har drive med musikk frå barndommen av, og han har blant anna spelt fløyte og trekkspel. Senere lærte han å spele piano og synge på gehør. Han tok også læretid som fagbutikkarbeidar i ein sportsbutikk.

I 2020 fekk Forrer nasjonal merksemd i Sveits, då han deltok i og vann den tredje sesongen av The Voice of Switzerland med Noah Veraguth som mentor. Han gav ut debutsingelen «Home» 17. april 2020, skriven av Veraguth.

I juli 2022 dukka Forrer opp på RTL-programmet Zeig uns Deine Stimme!, og i 2023 representerte han Sveits i Eurovision Song Contest i Liverpool. Forrer ble plukka ut til oppdraget gjennom ei utveljingsprosess i regi av den sveitsiske kringkastaren SRF. Ein internasjonal jury på 20 musikkfolk og eit panel beståande av 100 tv-sjåarar valde Forrer til å representere landet. Han deltok med låten «Watergun» og blei nummer 20 av 26 finalister.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Remo Forrer» frå , den 8. desember 2022.

Kategori:Sveitsiske songarar Kategori:Sveitsiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar