mini|Pynta brønn i Tissington i 2007. Well dressing, 'brønnkleding', òg kjent som well flowering, er ein tradisjon som blir praktisert i nokre delar av Bygde-England der ein pyntar brønnar eller vasskjelder med blomar som dannar ulike design. Skikken er særleg knytt til Peak District i Derbyshire og Staffordshire. James Murray Mackinlay skreiv i 1893 skreiv at tradisjonen ikkje fanst i Skottland; W.S. Cordner skreiv i 1946 på liknande vis at han heller ikkje fanst i Irland. Både Skottland og Irland har lange tradisjonar for tilbeding av brønnar som minst kan førast tilbake til 500-talet.
Den engelske skikken med well dressing i den noverande forma si byrja truleg på slutten av 1700-talet, og utvikla seg frå «den meir utbreidde, men mindre pittoreske"»pyntinga av brønnar med band og enkle blomegirlanderar.
Prosess mini|Grevling frå Whitwell i 2010. For å pynta brunnar reiser ein rammer dekka med leire som er blanda med vatn og salt. Ein teikning er teikna på papir, ofte av eit religiøs tema, og dette blir kopiert til leira. Bildet blir så fylt med naturmateriale, hovudsakleg kronblad og mose, men også bønner, frø og små konglar. Kvar gruppe nyttar sin eigen teknikk. I nokre område krev ein at berre naturlege materiale skal brukast, medan andre også tillet bruke moderne materiale for å gjera pyntinga enklare. Wirksworth og Barlow er døme på stader der ein har halde på strenge reglar om å berre nytta naturmateriale.
Historie Tissington i Derbyshire er særleg knytt til skikken, men opphavet er ukjent. Det er blitt spekulert i at han kan ha opphav i ein heidensk skikk med å ofra til gudar som takk for gode vasskjelder. Andre føreslåtte forklaringar på skikken er at landsbybuarar feira det reine drikkevatnet sitt etter å ha overlevd svartedauden i 1348, eller alternativt at dei feira den vedvarande vasstilgangen sin under ein lang tørkeperiode i 1615. Skikken med å pynta vasskjelder ved hjelp av leirerammer er ikkje dokumenter før i 1818. Ein omtale av brønnpynting frå 1758 skildrar pynting med enkle girlandrar. mini|Well dressing i Wirksworth på 1860-talet. Skikken var kjend i minst 12 landsbyar i Derbyshire på slutten av 1800-talet. Han blei innført i Buxton i 1840, for å æra ein drikkefontene reist av hertugen av Devonshire i Upper Town, slik at folk slapp gå heilt ned til St Anne-kjelda ved elva Wye etter vatn. På same måte blei skikken gjenoppgliva i Youlgreave, for å feira at landsbyen hadde fått vassforsyning gjennom røyr frå ein ås i nærleiken. Her utvida ein skikken til å omfatta pynting av offentlege kranar, sjølv om han blei framleis blei omtalt som well dressing eller 'brunnpynting'.
Skikken har auka og minka gjennom historia, men har gått gjennom gjenopplivingar i Derbyshire, Staffordshire, South Yorkshire, Cheshire, Shropshire, Worcestershire og Kent.
I litteraturen John Brunner si soge «In the Season of the Dressing of the Wells» skildrar gjenopplivinga av skikken i ein engelsk landsby i West Country etter World War I, og sambandet hans til Gudinna.
Jon McGregor sin roman Reservoir 13 går føre seg i ein landsby der well dressing går føre seg årleg.
Galleri
Sjå også
Clootie well Osterbrunnen
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Well dressing» frå , den 12. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
welldressing.com Listing of dates and sites, with galleries of photos and historical information Official website for the Stoney Middleton Well Dressing Committee Official website of the Buxton Wells Dressing Festival Short history of well dressing Tissington Hall's guide to producing welldressings Well dressings in Wirksworth Derbyshire Community site for Wirksworth Derbyshire Well Dressings in Barlow, Derbyshire. Dressed year on year for at least 150 years A history of well dressing in Wormhill Well dressings in Brackenfield
Kategori:Brunnar Kategori:Engelsk kultur