«I Can't Go On» (norsk omsetjing 'eg kan ikkje halde fram') er ein svensk poplåt som blir framført av artisten Robin Bengtsson. Songen vann Melodifestivalen 2017 og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2017. Songen er skriven og produsert av David Kreuger, Hamed «K-One» Pirouzpanah og Robin Stjernberg. Låten blei sloppen for digital nedlasting i Sverige 26. februar 2017 og nådde tredjeplassen på den svenske singellista.
Bakgrunn «I Can't Go On» var eit av bidraga i Melodifestivalen 2017 og var komponert av låtskrivarane David Kreuger, Hamed «K-One» Pirouzpanah og Robin Stjernberg. Kreuger og Pirouzpanah hadde tidlegare vunne Melodifestivalen som låtskrivarar med songen «Undo» i 2015, medan Stjernberg vann Melodifestivalen i 2013 og representerte Sverige i Eurovision Song Contest på heimebane i Malmö. Til å framføre låten hadde låtskrivarane henta Robin Bengstsson, som deltok i Melodifestivalen året før med songen «Constellation Prize».
«I Can't Go On» deltok i den tredje delfinalen i Växjö 18. februar 2017, der han vann og kvalifiserte seg til finalen i i Stockholm laurdag 11. mars. Songen vann finalen og blei med det det svenske bidraget til Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv.
Eurovision Song Contest I Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv i Ukraina, var «I Can't Go On» det fyrste bidraget på scena i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2017. Der enda songen på ein tredjeplass med 227 poeng og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. Til slutt enda songen på ein femteplass med 344 poeng.
Listeplasseringar Liste (2017)Høgasteplassering Belgia, Flandern (Ultratip)23 Finland (Nedlastning – Latauslista)12 Frankrike (SNEP)130 Island (RÚV)2 Litauen (M-1 Top 40) 2 Nederland (Single Tip)23 Polen (Polsk radiospeleliste)19 Skottland (Official Charts)66 Storbritannia (Official Charts – download)62 Sveits (Schweizer Hitparade)83 Sverige (Sverigetopplistan)3 Ungarn (Rádio Top 40)40
Referansar
Denne artikkelen bygger på «I Can't Go On» frå , den 15. desember 2023.
Kategori:Melodifestival-vinnarsongar Kategori:Engelskspråklege songar i Melodifestivalen Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2017-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar skrivne av David Kreuger Kategori:Songar skrivne av Hamed Pirouzpanah Kategori:Songar skrivne av Robin Stjernberg