Oscar Korbla Mawuli Awuku (), kjend under kunstnarnamnet Yonga Arts, er ein ghanesisk kroppskunstnar, målar og skulptør.

Awuku blei fødd i Accra som den eldste av dei tre sønene til Maxwell Awuku og Bridgette Dzidzineyo. Han fekk grunnskuleutdanninga si ved Senajoy Preparatory School i Accra, og gjekk seinare til Mawuli School, der han studerte biletkunst.

Karriere Awuku kallar kunsten sin anansinisme, inspirert av den mytiske edderkoppfiguren Kweku Anansi. Han nyttar ofte historiske ghanesiske adinkra-symbol i kroppsmåling.

I 2020 blei han nominert til Ghana Arts and Culture Awards.

Ifølgje Awuku var det opphavleg målet hans å bruke kroppskunst som terapi for eldre, for å få dei til å føle seg unge i hjarta, og dette er korleis han kom på kunstnarnamnet Yonga Arts.

Awuku har sagt at arbeidet hans «utforskar førkoloniale kultur, men også dekoloniserte praksisar i samtidskultur». Han seier også at bruken hans av rituelle masker «er basert på trua om at ho konseptuelt gjer den som brukar henne til ånda som maska representerer».

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oscar Korbla Mawuli Awuku» frå , den 20. desember 2023.

Kategori:Ghanesarar