Soleigro (Baldellia repens) er ein art i soleigroslekta i vassgrofamilien. Han veks både ved og i vatn.
I Noreg er arten heimleg med ei sørvestleg utbreiing. Han vert rekna som sterkt truga (EN) i Raudlista 2021. Arten er kjend frå fem stader i landet: Orrevatnet i Klepp kommune, Ådlandsvatnet og ein oppdemd dam på Stord, Tveitavatnet på Huglo og Vevatnet på Tysnesøy.
Rapporterte funn i 2018 av den nærståande skjermsoleigro (B. ranunculoides) er førebels ikkje stadfesta.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Soleigroslekta