Per Sonerud () var ein bankmann og Høgre-politikar frå Skjeberg i Østfold.
Sonerud gjekk handelsskule i 1934 og arbeidde i lang tid, frå 1935 til 1982, i Sarpsborg sparebank. Han var aktiv på leiarsida innom idretten, både lokalt og nasjonalt. Frå 1964 til 1968 var han såleis formann i Norges Friidrettsforbund.
Hausten 1965 vart Sonerud vald inn på Stortinget frå Østfold for partiet Høgre. Dei neste fire åra hadde han plass i Administrasjonskomiteen. Omframt tida på Stortinget, hadde Sonerud framståande verv innom Sarpsborg kommune og i Østfold fylke.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Folk frå Sarpsborg