Adama Barrow () er ein gambisk politikar og noverande president i Gambia. Han blei teken i eid ved ein seremoni halden ved den gambiske ambassaden i Dakar i Senegal den 19. januar 2017, etter at han vann presidentvalet i 2016. Retten hans til presidentposten blei omstridd av den føregåande presidenten Yahya Jammeh. Barrow er medlem av partiet United Democratic Party (UDP).

Før presidentkampanjen var han kasserar i UDP og dreiv eit eigedommeklarføretak. Han skipa føretaket, Majum Real Estate, i 2006 etter at han vende heim frå studiane sine i London i England.

21. januar 2017 forlet Jammeh Gambia og drog i eksil etter ei avtale med ECOWAS, slik at maktskiftet kunne halda fram og Barrow blei fullt ut president. Ved presidentvalet i Gambia 2021 blei Barrow gjenvald.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Adama Barrow» frå , den 12. januar 2024.

Kategori:Gambiske presidentar