Estelle Nze Minko () er ein fransk handballspelar som vart verdsmeister med Frankrike sitt landslag i 2017 og 2023, europameister i 2018 og olympisk meister i 2021.Estelle Nze Minko. nbcolympics.com
Karriere Landslagsspel Nze Minko debuterte for det franske landslaget 24. oktober 2013. Ho har sidan 2014 delteke i elleve internasjonale meisterskaps-turneringar i rad. Sommaren 2016 var ho med på å vinne OL-sølv i Rio de Janeiro, i desember same året vann ho bronse under europameisterskapen i Sverige. Året etter var Nze Minko med då Frankrike vann over Noreg i finalen i Handball-VM 2017, sameleis då Frankrike vann over Romania i EM-finalen 2018 på fransk heimegrunn. Med 38 nettkjenningar var ho lagets flittigaste målskårar i turneringa. I desember 2020 vart ho kåra til den beste spelaren i EM-turneringa i Danmark, trass i at Frankrike tapte finalen mot Noreg. Sommaren 2021 vann ho i Tokyo olympisk gullmedalje for Frankrike då Russland vart slått med fem mål. Derimot enda VM-finalen 2021 mot Noreg med fransk kollaps og sjumålstap. I den neste VM-finalen, i danske Herning i 2023, revansjerte Nze Minko og dei franske kvinnene seg med å slå Noreg 31–28. Ho blei tatt ut på all-starlaget som beste venstre bakspelar i verdsmeisterskapen.
Klubbspel Frå 2009 til -16 spelte Nze Minko for fem ulike lag i heimlandet. Sommaren 2016 skreiv ho kontrakt med det ungarske topplaget Siófok KC. Med Siófok vann ho EHF-cupvinnarcupen 2019. Ho flytta straks etter over til rivalen Győri ETO. Med Győri ETO vann ho den ungarske cupen i 2021 og den ungarske seriemeisterskapen i 2022 og 2023.
Merittar OL-gull: 2021 med Frankrike VM-gull: 2017 og 2023 med Frankrike EM-gull: 2018 med Frankrike OL-sølv: 2016 med Frankrike VM-sølv: 2021 med Frankrike EM-sølv: 2020 med Frankrike EM-bronse: 2016 med Frankrike Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 2019 med Siofok Ungarsk seriemeister: 2022, 2023 med Győri ETO Ungarsk cupmeister: 2021 med Győri ETO
Kjelder
Bakgrunnstoff Estelle Nze Minko hos Det europeiske handballforbundet. Estelle Nze Minko hos Olympedia. Estelle Nze Minko hos den franske olympiske komiteen. Estelle Nze Minko hos det franske handballforbundet.
Kategori:Franske handballspelarar Kategori:Olympiske meistrar for Frankrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball