Meerut er ein by i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Han er administrasjonsby for eit distrikt med same namn. Ved folketeljinga i 2011 hadde han 1 305 429. innbyggjar. Office of The Registrar General & Census Commissioner, India; Census Digital Library, Table Series/Tabulations Plan of Census Year – 2011/Primary Census Abstract/Urban Agglomeration Läst 6 juli 2014. På same tid hadde storbyområdet 1 420 902. innbyggjar, inklusive garnisonbyen ved Meerut og nokre andre mindre forstader.

Byen ligg 80 km nordaust for den indiske hovudstaden New Delhi og 480 km vest for delstatshovudstadem Lucknow.

Historie Meerut er særs gammal. Han var ein av dei seksten storbyane i riket til Ashoka, og det blei reist ei asjokasøyle her. Byen var òg ein viktig valdfartsstad for buddhistar.

Byen blei erobra av muslimar for fyrste gong i 1192, og blei plyndra av Timur Lenk i 1399. Området nær Ganges og Yamuna i Uttar Pradesh der Meerut ligg blei overlate av den lokale herskaren til britane i 1803. Han er rekna som staden der det indiske opprøret, også kjent som sepoyopprøret, braut ut i 1857.

Geografi Meerut legg mellom elveslettene til Ganges og Yamuna. Jordsmonnet i området er fruktbart, og høver til å dyrka kveite, sukkerrøyr og grønsaker i.

Klima Meerut har monsunpåverka fuktig subtropisk klima kjenneteina av varme somrar og kjøligare vintrar. Sommaren byrjar typisk tidleg i april og varer til seint i juni med ekstremt høge temperaturar, opp til 49 °C. Monsunen byrjar seint i juni og heldt fram til midten av september. Då går temperaturen litt ned, og vêret er overskya med høgare luftfukt. Temperaturane går opp att i oktober og byen har ei mild, tørr vintertid frå november til midten av mars. Den lågaste temperaturen ein har målt her er −0,4 °C , målt 6. januar 2013. Den årlege nedbørsmengda er kring 845 millimeter, det meste kjem i monsuntida. Luftfukt varierer frå 30 til 100 %.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Meerut» frå og «Meerut» frå , den 5. februar 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Uttar Pradesh