António Luís Santos da Costa () er ein portugisisk jurist og politikar for Partido Socialista. I november 2015 vart han utnemnd til den 119. statsministeren i Portugal. Costa trekte seg som statsminister den 7. november 2023, etter at hans eigen stabssjef og fire andre statstenestemenn, vart pågripne etter mistanke om korrupsjon. Ei eiga sak vart oppretta mot Costa.
Costa vart sitjande som leiar for eit forretningsministerium etter å ha levert inn ein søknad om få gå av. Presidenten i landet fremja forslag til nyval i Portugal den 10. mars 2024.
Liv og virke
Bakgrunn Bestefaren til Costa vart fødd i Goa i India, og faren hans budde store delar av livet sitt der. Faren var ein ivrig sosialist. Costa er utdanna jurist.
Politisk karriere Costa har vore minister i fleire portugisiske regjeringar, sist gong i regjeringa til José Sócrates. Han var innanriksminister frå 2005 til 2007. Han vart vald til leiaren for sosialistpartiet i november 2014 etter at den dåverande leiaren vart pågripen etter mistanke om korrupsjon.
Ordførar Frå 2007 til 2015 var Costa ordførar i Lisboa, og vart i 2013 attvald til ein ny periode. Som ordførar i Lisboa tok han i 2010 til orde for ei eiga avgift for turistar; alle tilreisande skulle ifylgje planen betala éin euro ved framkomst og 1,90 euro for kvar natt i byen. Etter valet i 2010 flytta han ordførarkontoret frå det storslåtte rådhuset til den fattige, innvandrardominerte bydelen Mouraria. I april 2015 gjekk Costa av som ordførar for å arbeida med det komande valet og ambisjonen om å verta statsminister.
Statsminister I 2015 vart Costa statsminister etter at alliansen hans med miljøpartiet og ytre venstreparti felte den konservative regjeringa til Pedro Passos Coelho berre 11 dagar etter parlamentsvalet. Alliansen til Costa ville stansa dei stramme budsjetta og privatiseringa av den offentlege verksemda etter statsgjeldskrisa frå 2010. Costa klandra den avgådde regjeringa for å vanskjøtta offentlege tenester og for å tvinga portugisarar til å søkja arbeid utanlands.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «António Costa» frå , den 12. februar 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Lisboa Kategori:Portugisiske politikarar