Butt-tjønnaks (Potamogeton obtusifolius) er ei plante i tjønnaksslekta i tjønnaksfamilien. Arten er sirkumpolar.
I Noreg er arten heimleg på grunt eller litt djupare, helst næringsrikt vatn. Arten veks spreidd over mykje av landet, mest i låglandet austafjells og ved kysten sør på Vestlandet. I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).
Hybriden med broddtjønnaks (P. friesii × P. obtusifolius) er registrert frå Ullensaker i Akershus. Det er òg registrert ein hybrid med småtjønnaks (P. berchtoldii × P. obtusifolius) i Rakkestad i Østfold.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tjønnaksslekta