Komsakulturen er ei eldre nemning for arkeologiske funn frå eldre steinalder i Finnmark og på Kola. Denne vart fyrst påvist av Anders Nummedal i 1925 og fekk namn etter dei fyrste buplassane funne på Komsafjellet i Alta. Russiske arkeologar har funne lokalitetar på Kola datert til 8 000–7 000 år før vår tid. Ein antek at desse funna kjem frå innvandring frå Finnmark. Truleg har komsakulturen spreidd seg nordover langs norskekysten.
Opphavleg skilde ein mellom Komsa- og Fosnakulturen, men i dag har ein i stor grad gått bort frå dette skiljet og ser på desse som same kultur med variasjon i steinreiskapane sine.
Kjelder
Litteratur
Ingrid Fuglestvedt: Phenomenology and the Pioneer Settlement on the Western Scandinavian Peninsula. Bricoleur forlag, Göteborg 2009 Bjørnar Olsen: Komsakulturen, i Hedeager & Østmo (red.): Norsk arkeologisk leksikon, Pax 2005
Kategori:Eldre steinalder Kategori:Arkeologi i Noreg