Haukefamilien, Accipitridae, er den store biologiske familien i ordenen Accipitriformes, haukefuglar. Den andre store gruppa av rovfuglar er ordenen Falconiformes, falkefuglar. Haukefamilien samlar små til store fuglar med sterkt bøygd nebb og morfologi varierande med diett. Dei lever av ei rekkje byttedyr frå insekt til mellomstore pattedyr, mange et på åtsel og eit par beitar på frukt. Accipitridae har ei kosmopolitisk utbreiing, som finst på alle kontinent unntatt Antarktis og på ei rekkje øygrupper til havs. Nokre artar er trekkfuglar.
Mange kjende fuglar som haukar, ørner, glentar, kjerrhaukar og gribbar er inkludert i denne gruppa. Fiskeørn er vanlegvis plassert i ein eigen familie (Pandionidae), likeins sekretærfugl i Sagittariidae. Kondorar, familien Cathartidae, er vanlegvis no betrakta som sin eigen orden.
Morfologi mini|venstre|Portrett av ei kvithovudørn viser det kraftige bøygde nebbet og cere som dekkjer nebbrota.
Haukefamilien er ein mangfaldig familie der artane har stor variasjon i storleik og form. Dei varierer i storleik frå små perleglente og dverghauk, som begge er 23 centimeter i lengd og veg ca. 85 gram, til munkegribb, som måler opp til 120 cm og veg opptil 14 kg. Inntil 1300-talet vart jamvel munkegribb forbigått av den utdøydde Haast's Eagle (Harpagornis moorei) på New Zealand, som er estimert til å ha målt opp til 140 cm og vog opp til 20 kg.Artikkel om Haast's eagle hos forskning.no Dei fleste i haukefamilien viser kjønnsdimorfisme i storleik, men uvanleg for fuglar er det hoene som er større enn hannane. Denne kjønnsskilnaden i storleik er mest tydeleg blant aktive artar som jaktar fugl, som Accipiter-haukar, der skilnaden i storleik i gjennomsnitt er 25-50 %. Blant eit fleirtal av artar er skilnaden mindre, vanlegvis mellom 5 % til 25 %. Blant åtseletande gribbar og snigeletande glentar, er skilnaden nesten ikkje-eksisterande.
Nebbet på fuglar i haukefamilien er kraftige, bøygde, nokre gonger ekstremt bøygde, som hos kroknebbglente eller snigelglente. Nokre artar har eit hakk eller «tann» i sidekanten av overnebbet. Oversida av nebbrota er dekt av ein kjøttfull membran kalla «cere» som vanlegvis er gul i farga. Artar som jaktar store pattedyr har tjukk og sterk tars, og slangeørner har tjukke skjel for å verne mot bitt.
Fjørdrakta blant Accipitridae kan vere slåande, men er sjeldan i lyse farger, dei fleste fuglane er i kombinasjonar av grått, gulbrunt og brunt. Men alt i alt er fargene bleikare på undersida slik at dei blir mindre iaugefallande mot himmelen sett nedanfrå. Det er sjeldan ulikskap i fjørdrakta mellom kjønna, og når det skjer er hannane lysare enn hoene eller hoene liknar ungfuglar. Blant mange artar har ungfuglar ein distinkt, ulik fjørdrakt. Fleire artar har fjørtopp brukt til signalering, og sjølv artar utan toppar kan heve fjører på krona når dei blir skremt eller opphissa. I kontrast til dette har dei fleste gribbar heilt nakne hovud utan fjører. Det trur ein hindrar tilsøling på fjører når dei beita på kadaver, og det hjelper i termoregulering.
Sansane hos Accipitridae er tilpassa jakt eller kadavereting, og dei har eit særmerkt godt syn. Synet blant nokre haukar og ørner er opp til 8 gonger betre enn hos menneske. Store auge med to fovea gjev kikkertsyn og eit «haukauge» for vurdere rørsler og avstand. Auga er røyrforma og kan ikkje røre seg mykje i augehola. I tillegg til utmerkt syn, har mange artar òg utmerkt høyrsle, men i motsetnad til hos ugler er synet vanlegvis den viktigaste sansen som blir brukt til jakt. Høyrsle kan brukast til å lokalisere byttedyr skjult i vegetasjonen, men synet blir likevel brukt til å fange byttedyret. Generelt har fuglar i haukefamilien ein dårleg luktesans, sjølv gribbar gjer ikkje bruk av luktesans for å finne åtsel, i motsetnad til kondorane i Amerika.
Føde mini|høgre|Som fruktetar er palmegribb uvanleg i haukefamilien, men vil òg ta fisk, spesielt daud fisk mini|høgre|Shikrahauk i Hyderabad, India mini|høgre|Orientvepsevåk, Pernis ptilorhynchus, hannfugl i Haryana, India Medlemmer i haukefamilien er hovudsakleg predatorar, og dei fleste artane jaktar aktivt. Bytet blir vanlegvis fanga og drepe med dei kraftige klørne og deretter rive i stykkar med nebbet til for eksempel føde til ungar. Eit fleirtal i haukefamilien er opportunistiske rovdyr som vil ta eventuelle byttedyr som dei kan drepe. Men dei fleste har ein preferanse for ein bestemt type byttedyr som til dømes at kjerrhaukar og våkar tenderer mot å ta små pattedyr som gnagarar, og at Accipiter-haukar tenderer mot å jakte andre fuglar. Dei fleste artane vil supplere kosten med kjøt frå friskt åtsel, men sjølvsagt er ingen så spesialiserte med dette som gribbane. Nokre artar kan opportunistisk ete på frukt, og hos ein art, palmegribb, dannar frukt største delen av kosthaldet. Dei fleste artane vil ikkje ete plantemateriale. Rundt 12 artar lever av utelukkande insekt, 44 andre artar tar insekt i stor mengd, og mange andre tar insekt ved høve. Dietten til vepsevåkar inkluderer ikkje berre insekt som kvefs og bier, men òg honning og vokskaker frå bolet. Snigelglente og kroknebbglente er spesialistar på å ete sniglar. «Ørner» er fleire rovfuglartar som ikkje nødvendigvis er nært nærskylde, men kan vere breitt definerte av storleik og av at dei tar av typisk større byttedyr, inkludert mellomstore pattedyr og større fuglar. Dei fleste artane åtek byttedyr mindre enn dei sjølve. Likevel har einskilde artar vorte registrerte i flukt med byttedyr i klørne litt tyngre enn seg sjølve, ein prestasjon som krev stor fysisk styrke. Haliaeetus-havørner og fiskeørn føretrekkjer i hovudsak å jakte på fisk, fisk gjev ut for meir enn 90 % av føda for dei to sistnemnde slektene. Store artar i familien kan tidvis supplere dietten med andre akvatiske dyr enn fisk. Bazaer i Perninae og skoghaukar i slekta Accipiter kan ta reptil frå tre, medan andre artar jaktar reptil på bakken. Slangar blir spesielt mat for slangeørner og snokørner av slektene Circaetus, Spilornis og Dryotriorchis.
Systematikk
Oversyn slekter og artar Nolevande artar i haukefamilien i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V14.1, 2024, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. Utval av slekter, samt IUCN raudlistekategori, er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.
Underfamilie Accipitrinae Stamme Accipitrini
Slekt Macheiramphus Flaggermusglente, Macheiramphus alcinus, Bat Hawk, Bonaparte, 1850, (LC)
Slekt Harpyopsis Papuaørn, Harpyopsis novaeguineae, Papuan Eagle, Salvadori, 1875, (VU)
Slekt Morphnus Brynjeørn, Morphnus guianensis, Crested Eagle, (Daudin, 1800), (NT)
Slekt Harpia Harpyørn, Harpia harpyja, Harpy Eagle, (Linnaeus, 1758), (VU)
Slekt Stephanoaetus Kronørn, Stephanoaetus coronatus, Crowned Eagle, (Linnaeus, 1766), (NT)
Slekt Nisaetus 10 artar skogørner
Slekt Spizaetus fire artar skogørner
Slekt Lophotriorchis Raudbukørn, Lophotriorchis kienerii, Rufous-bellied Eagle, (de Sparre, 1835), (NT)
Slekt Polemaetus Kampørn, Polemaetus bellicosus, Martial Eagle, (Daudin, 1800), (EN)
Slekt Lophaetus Toppørn, Lophaetus occipitalis, Long-crested Eagle, (Daudin, 1800), (LC)
Slekt Ictinaetus Svartørn, Ictinaetus malaiensis, Black Eagle, (Temminck, 1822), (LC)
Slekt Clanga Indiaskrikørn, Clanga hastata, Indian Spotted Eagle, (Lesson, RP, 1831), (VU) Småskrikørn, Clanga pomarina, Lesser Spotted Eagle, (Brehm, CL, 1831), (LC) Storskrikørn, Clanga clanga, Greater Spotted Eagle, (Pallas, 1811), (VU)
Slekt Hieraaetus fem artar av ørner
Slekt Aquila 11 typiske ørner inklusive kongeørn
Slekt Harpagus Tannglente, Harpagus bidentatus, Double-toothed Kite, (Latham, 1790), (LC) Rustlegglente, Harpagus diodon, Rufous-thighed Kite, (Temminck, 1823), (LC)
Slekt Kaupifalco Øglehauk, Kaupifalco monogrammicus, Lizard Buzzard, (Temminck, 1824), (LC)
Slekt Micronisus Gabarhauk, Micronisus gabar, Gabar Goshawk, (Daudin, 1800), (LC)
Slekt Melierax Mørksonghauk, Melierax metabates, Dark Chanting Goshawk, Heuglin, 1861, (LC) Austsonghauk, Melierax poliopterus, Eastern Chanting Goshawk, Cabanis, 1868, (LC) Bleiksonghauk, Melierax canorus, Pale Chanting Goshawk, (Thunberg, 1799), (LC)
Slekt Urotriorchis Langhalehauk, Urotriorchis macrourus, Long-tailed Hawk, (Hartlaub, 1855), (LC)
Slekt Erythrotriorchis Raudvenghauk, Erythrotriorchis buergersi, Chestnut-shouldered Goshawk, (Reichenow, 1914), (DD) Revehauk, Erythrotriorchis radiatus, Red Goshawk, (Latham, 1801), (EN)
Slekt Megatriorchis Tigerhauk, Megatriorchis doriae, Doria's Goshawk, Salvadori & D'Albertis, 1875, (NT)
Slekt Microspizias Kolibrihauk, Microspizias superciliosus, Tiny Hawk, (Linnaeus, 1766), (LC) Torquehauk, Microspizias collaris, Semicollared Hawk, (Sclater, PL, 1860), (LC)
Slekt Accipiter 50 typiske haukar inklusive hønsehauk
Slekt Circus 16 kjerrhaukar
Slekt Milvus Raudglente, Milvus milvus, Red Kite, (Linnaeus, 1758), (LC) Svartglente, Milvus migrans, Black Kite, (Boddaert, 1783), (LC) Gulnebbglente, Milvus aegyptius, Yellow-billed Kite, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Slekt Haliastur Plystreglente, Haliastur sphenurus, Whistling Kite, (Vieillot, 1818), (LC) Braminglente, Haliastur indus, Brahminy Kite, (Boddaert, 1783), (LC)
Slekt Haliaeetus fire ørner, mellom anna havørn
Slekt Icthyophaga seks ørneartar
Slekt Butastur fire våkar
Slekt Ictinia Mississippiglente, Ictinia mississippiensis, Mississippi Kite, (Wilson, A, 1811), (LC) Blyglente, Ictinia plumbea, Plumbeous Kite, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Slekt Busarellus Fiskevåk, Busarellus nigricollis, Black-collared Hawk, (Latham, 1790), (LC)
Slekt Rostrhamus Snigelglente, Rostrhamus sociabilis, Snail Kite, (Vieillot, 1817), (LC)
Slekt Helicolestes Smalnebbglente, Helicolestes hamatus, Slender-billed Kite, (Temminck, 1821), (LC)
Slekt Geranospiza Tranevåk, Geranospiza caerulescens, Crane Hawk, (Vieillot, 1817), (LC)
Slekt Cryptoleucopteryx Blyvåk, Cryptoleucopteryx plumbea, Plumbeous Hawk, (Salvin, 1872), (NT)
Slekt Buteogallus ni våkar
Slekt Morphnarchus Prinsevåk, Morphnarchus princeps, Barred Hawk, (Sclater, PL, 1865), (LC)
Slekt Rupornis Vegvåk, Rupornis magnirostris, Roadside Hawk, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
Slekt Parabuteo Kaktusvåk, Parabuteo unicinctus, Harris's Hawk, (Temminck, 1824), (LC) Kvitgumpvåk, Parabuteo leucorrhous, White-rumped Hawk, (Quoy & Gaimard, 1824), (LC)
Slekt Geranoaetus Kvithalevåk, Geranoaetus albicaudatus, White-tailed Hawk, (Vieillot, 1816), (LC) Andesvåk, Geranoaetus polyosoma, Variable Hawk, (Quoy & Gaimard, 1824), (LC) Høvdingvåk, Geranoaetus melanoleucus, Black-chested Buzzard-Eagle, (Vieillot, 1819), (LC)
Slekt Pseudastur Kuttevåk, Pseudastur polionotus, Mantled Hawk, (Kaup, 1847), (NT) Kvitvåk, Pseudastur albicollis, White Hawk, (Latham, 1790), (LC) Ecuadorvåk, Pseudastur occidentalis, Grey-backed Hawk, (Salvin, 1876), (EN)
Slekt Leucopternis Galenavåk, Leucopternis semiplumbeus, Semiplumbeous Hawk, Lawrence, 1861, (LC) Maskevåk, Leucopternis melanops, Black-faced Hawk, (Latham, 1790), (LC) Kvitbrynvåk, Leucopternis kuhli, White-browed Hawk, Bonaparte, 1850, (LC)
Slekt Buteo 28 våkar
Stamme Circaetini
Slekt Spilornis seks snokørner
Slekt Pithecophaga Apeørn, Pithecophaga jefferyi, Philippine Eagle, Ogilvie-Grant, 1896, (CR)
Slekt Circaetus seks slangeørner
Slekt Dryotriorchis Kongoslangehauk, Dryotriorchis spectabilis, Congo Serpent Eagle, (Schlegel, 1863), (LC)
Slekt Terathopius Gjøglarørn, Terathopius ecaudatus, Bateleur, (Daudin, 1800), (EN)
Stamme Gypini
Slekt Necrosyrtes Hettegribb, Necrosyrtes monachus, Hooded Vulture, (Temminck, 1823), (CR)
Slekt Gyps åtte gribbar
Slekt Sarcogyps Raudhovudgribb, Sarcogyps calvus, Red-headed Vulture, (Scopoli, 1786), (CR)
Slekt Trigonoceps Kvithovudgribb, Trigonoceps occipitalis, White-headed Vulture, (Burchell, 1824), (CR)
Slekt Aegypius Munkegribb, Aegypius monachus, Cinereous Vulture, (Linnaeus, 1766), (NT)
Slekt Torgos